Jula er høgtida for kjærleik og omsorg. Kanskje kan du tenke deg å hjelpe oss med å spreie litt juleglede? spør Inger-Anne Dimmen i Ulstein Frivilligsentral.

For 11. året på rad har Ulstein Frivilligsentral teke initiativ til å samle inn julegåver til borna ved Søre Sunnmøre mottak. Og i år har dei også fått Quality Ulstein hotell med på laget.

I resepsjonen på hotellet står eit flott juletre, som ventar på å bli fylt med gåver. Ein kan også kjøpe eit julekort som gåve til kr. 50.- og henge på juletreet. For kvar gåve som blir lagt under treet gir hotellet 10 kroner til Unicef.

I dag bor der ca. 60 born i alderen 0-16 år på mottaket frå mange ulike land. Når Søre Sunnmøre mottak arrangerer julefest, er det stor stas for små og store – og julenissen kjem sjølvsagt på besøk. Desse borna treng sårt litt oppmuntring i kvardagen. Ein kan legge gåver under treet fram til 20. desember.