- Det blir norsk, tradisjonell julefeiring, fortel Åse Dimmen Grimstad.

På hytta på Fjelle blir det heimelaga môr, pinnekjøt og svineribbe. Dei går til kyrkje, speler spel, går rundt juletreet og syng julesongar. Og etter kake og kaffi blir det opning av julegåver. Jula blir feira på same måte som i mange andre sunnmørske heimar, men det som er litt spesielt er at dei ber heim fleire gjestar enn familien sin.

Sidan i vår har ekteparet vore fadderforeldre for Zabiulla (17 år), ein einsleg mindreårig asylsøkjar frå Afghanistan. Han får kome. Det får også eit syrisk ektepar, som nettopp har fått ein baby. Dei var tidlegare leigebuarar med Grimstad.

– Dei er muslimar, så i år blir svineribba tilberedd for seg, ikkje med pinnekjøtet, elles blir alt som normalt, forklarer Stig Grimstad.

– Alle kan gjere litt

Språkrådet har kåra ordet kvardagsintegrering til årets nyord. Våre nye landsmenn, anten det er asylsøkjarar, flyktningar, arbeidsinnvandrarar eller folk som kjem hit av andre grunnar blir best integrerte i det norske samfunnet av å bli kjent med vanlege nordmenn.

Åse og Stig er klare på at skal ein lukkast med integrering må ein inkludere og kome i kontakt med folk. – Det å byggje relasjonar er positivt, seier dei og meiner alle kan gjere litt. EMA Ulsteinvik har fleire ungdomar som treng ein besøksheim. Det er elles mangt anna ein kan gjere. Det handlar om å ta kontakt og snakke med folk i nærmiljøet. Kanskje har dottera eller sonen din fått ein innvandrar i klassen? Kanskje har dei ikkje eigen bil, spør om dei treng skyss til fotballtrening. Ho er sjølv aktiv i Saniteten, og har der fått med fleire kvinner frå ulike land. Og over nyttår startar Frivilligsentralen opp ein Internasjonal kafé. Dit håpar Åse at det også kjem nordmenn.

– Me må snakke saman, helse på kvarandre og bli kjende, meiner Åse. Dei fleste menneske er hyggeleg. Me kan vere ulike, men bør respektere kvarandre.

Når folk kjem hit til landet tenkjer dei at me må gjere ein jobb med å få dei integrerte. Stig fortel at han diskuterer mykje med dei verdiar og haldningar han synest det er viktig å ta vare på i det norske samfunnet, som skattesystemet og respekt for kvinner. Han har sjølv to døtrer, og ønskjer ikkje at fridomen deira skal vere truga.

Fadderforeldre

I vår vart Åse og Stig fadderforeldre til Zabiulla. Den unge guten er på besøk med dei omtrent kvar fredagskveld. Åse forklarer at dei steller ikkje til selskap når han kjem, han er der på same vis som om ei av døtrene hennar er heime. – Eg skal ikkje gjere noko ekstra for han, berre vise omsorg. Han er ein person som betyr noko, forklarar Åse.

Før jul bakte han peparkaker med dei, som han var med å pynte. Og han fekk lære nokre grep på gitaren av Stig.

I sommar tok Stig han med ein tur til foreldra sine, der han hjelpte til med å setje opp eit gjerde. Han er også med på bursdagsfeiringar.

– Det er ein utruleg flott måte å integrere gutane på. Så får dei sjå kva land dei bur i. Dessutan er det kjekt for han å kome seg ut av mottaket, seier Stig.

«Mor og far»

Tidlegare budde dei ein ung syrisk mann i kjellaren til Åse og Stig, Ghaith. Han tok dei med seg på fjellturar. Etter kvart kom kona hans Lina også til Ulsteinvik, og dei gjekk på besøk til kvarandre. No har paret flytta ut, men dei har framleis god kontakt.

– Stig og Åse er som familie for oss, far og mor. Dei er veldig snille. Dei hjelper oss med å integrere oss i det norske samfunnet. Det er ein kjekk familie og veldig hjelpsame, svarer Ghaith på spørsmål om kva Åse og Stig betyr for dei.

Og då dei for snart ein månad sidan fekk ei lita dotter, Thea, vart Åse og Stig «besteforeldre».

Den vesle familien gler seg til å feire jul på Fjelle med familien Grimstad. Sjølv om dei er muslimar, blir dei med i kyrkja.

– Me muslimar respekterer dei som kristne, og dei som kristne respekterer oss som muslimar, seier Ghaith.