Palmar Gjerde var ein av dei som stod landtroll i Ålesund klokka 10.50 tysdag, då snøggbåten «Godøy» måtte kansellere den første avgangen på grunn av dårleg ver. Båten måtte ligge stille heilt til klokka 20.25.

– At båten blir innstilt på grunn av dårleg vêr forstår eg. Forholda var ikkje slik at båten burde gå over Breisundet. Men eg er nokså oppbragt over den dårlege informasjonen vi som reisande fekk, seier Gjerde.

Han fortel at det var sju personar, inkludert han sjølv som vart ståande att i Ålesund utan far til Hareid. Nokon av mannskapet om bord kom på land og opplyste at snøggbåten var innstilt.

Venta i 47 minutt på svar

– Eg ville vite korleis vi skulle stelle oss vidare. Om vi skulle tinge oss ei minidrosje eller finne ei anna løysing. Svaret eg fekk var at han skulle gå om bord att og diskutere det med skipperen, og at vi så skulle få beskjed. Men vêret var dårleg, og plutseleg berre forsvann snøggbåten til ein tryggare plass i hamna, og vi høyrde ikkje noko meir.

Etter å ha venta ei stund ringde Palmar Gjerde Fram 177, og oppgav både namnet sitt og telefonnummer, og ville vite kva dei reisande skulle gjere.

– Det gjekk 47 minutt før eg fekk svar. Då hadde dei vore til høgste hald i Fram-systemet, og svaret dei kunne gi var at vi måtte styre oss sjølve. Når båten var innstilt på grunn av dårleg ver, så hadde ikkje selskapet noko ansvar for dei reisande, fortel Palmar Gjerde.

Då denne beskjeden kom var klokka nærare 12.00 og det nærma seg avgang for neste snøggbåt til Hareid. Det hadde derfor samla seg meir folk på kaia. Vi kunne ta ein buss som gjekk til Moa klokka 12.20, men denne gjekk om Mauseidvågen og vi ville ikkje rekke ferja før klokka 14.30. Det enda med at eg og nokre andre tok drosje for å kome oss heim att.

– Ikkje berre velsemd

Gjerde fortel historia fordi han meiner Trafikkanten på facebooksida si har gitt inntrykk av at servicen har vore på topp, med oppsetjing av bussar frå Ålesund, vidare til Moa og Sulesund.

– Det kan sjå ut som alt har vore berre velsemd, men det er ikkje tilfelle. Servicen var svært dårleg, varslar Palmar Gjerde.

– Ikkje reisegaranti ved uvêr

– At vi sette inn buss tysdag er ekstraordinært. Ved uver har dei reisande ikkje nokon reisegaranti, fortel seksjonsleiar Konrad Lillevevang ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal.

Årsaka til at dei sette inn buss mellom Ålesund, Moa og Sulesund då snøggbåten mellom Hareid og Ålesund ikkje kunne gå på grunn av uver tysdag, forklarer Lillevevang med at dei syntest det var trasig at den nye snøggbåten måtte avlyse avgangar allereie på andre dag i sambandet.

– Regelverket har ein bransjestandard, der det er definert kva tid reisegarantien skal gjelde, og kva tid han ikkje gjeld. I eitt av punkta heiter det at reisegarantien ikkje gjeld ved ekstraordinære verforhold, forklarer Lillevevang.

Dette er ein bransjestandard som gjeld for alle kommersielle transportselskap.

– Dersom avbrekket til dømes kjem av teknisk svikt, har vi plikt til å setje opp alternativ skyss, legg han til.

Lillevevang understrekar at det ikkje kjem til å danne presedens for framtida at det vart sett opp buss under uveret tysdag. Det vart gjort fordi vi syntest snøggbåten kom skeivt ut på sin andre dag i sambandet.

At det vart sett opp buss mellom Ålesund, Moa og Sulesund under uveret tysdag er eit unntak, opplyser seksjonsleiar Konrad Lillevevang i samferdselsavdelinga på fylket. Foto: Arkiv/Smp.