I dag har NHO årskonferanse. Konferansen har fått namnet "Made in Norway - på jobb for en grønn fremtid". Temaet for konferansen er det grøne skiftet.

Første talar ut var NHO-president Tore Ulstein. Talen hans starta med ein film der me fekk sjå døme på bedrifter som har tatt tak i det grøne skiftet og som greier å kombinere det å tenkje økonomi og berekraft. Ulstein snakka om korleis me alltid har livnært oss av havet, dette høyrer ikkje berre fortida til, også framtida. Og medan han sa det, fekk me sjå bilete frå fiskeoppdrett.

Det var også innslag i filmen frå eit smelteverk. Då fortalde Ulstein om utvinning av mineral. Mineral trengst i både mobiltelefonar og solcellepanel. Teknologien i solcellepanel blir stadig betre, og kan spare bedrifter for store straumutgifter, samstundes som dei blir meir berekraftige.

Ulstein sa at norske bedrifter alt gjer ein god jobb. Å bruke mindre energi er bra både for miljøet og botnlinja. Men bedriftene må ikkje stoppe om, men stadig utvikle smartare og meir brukarvenlege løysingar.

Etter filmen kom Tore Ulstein fram på scenen og heldt fram talen sin. Han skrytte av bedriftene som vart vist fram på filmen og meinte dei er gode representantar for bedrifter som har lukkast. Ein må hente inspirasjon i desse bedriftene.

Næringslivet må finne smarte måtar å skape verdiskaping.

Må forstå marknaden

Tore Ulstein tok også opp kor viktig det er å forstå marknaden og deira behov. Han fortalde om korleis Ulstein Group hadde jakta på å skape båtar med høgare yting. For det fekk dei pris, men det var høgare yting enn det marknaden hadde etterspurt. Og då går det utover innteninga.

Verdiskaping handlar om å forstå kunden sitt problem og skape løysingar til det.

Store verdiar i havet

Noreg eksporterer meir enn 37 millionar fiskemåltid pr. dag. Det er store verdiar i havet som nordmenn er flink til å utvikle. Men fram mot 2030 vil me få ei dobling i havøkonomien. – Me sit på unike verdiar, slik me gjorde då Noreg vart ein olje- og gassnasjon, sa Ulstein.

Han meinte at det er ikkje eitt produkt som er den nye oljen, det er summen av utvinning av fleire naturressursar.

I framtida må bedriftene og staten samarbeid om å realisere desse verdiane.

Tore Ulstein ønskte kronprinsparet velkomen til konferansen og følgde dei inn i salen.