Kari Britt Løset er leiar i Hareid Sanitetslag. Ho fortel om ei litt uvanleg feiring av 40-årsjubileet:

Ring inn og få gratistime

– Tysdag 10. januar, på sjølve jubileumsdagen, kan folk ringe inn til Varmtbadet mellom klokka 17-20.00. Telefonnummeret er 70092030. Dei sju første som ringer inn får ein gratis badetime søndag 15. januar.

Denne søndagen blir det medlemer i Hareid Sanitetslag som blir badevakter.

Timane blir fordelte ut over søndagen på dei sju vinnarane.

– Alle som vinn har lov til å ta med seg folk, men vi kan ikkje ha fleire enn seks i bassenget i gongen, legg Løset til.

Det var Norunn Holstad, mangeårig sanitetsmedlem og leiar i laget, som kom med ideen om å byggje eit varmtbad for revmatikarar i samband med at Hareid sjukeheim var under oppføring. Dette vart gjennomført, og opninga var 10. januar 1977.

– Badet er mykje brukt

På dei 40 åra har varmtbadet hatt både opp- og nedturar.

– No er varmtbadet svært mykje brukt. Vi har faktisk ikkje ledige timar, fortel sanitetsleiar Kari Britt Løset.

– For vel eit år sidan brukte vi nærare ein million kroner på å oppgradere bassenget, i første rekke det tekniske anlegget, og dette er noko som folk har merka seg, kommenterer Ingrid Stennes, som i mange år var leiar i sanitetslaget.

Vatnet i bassenget held 34 grader og er skirande blankt og reint.

Varmtbadet var bygt med tanke på revmatikarar, og Hareid revmatikarlag har opp gjennom åra støtta badet med midlar. Men i dag er det flest småbarnsfamiliar som boltrar seg i badet.

– Vi var litt redde då Sunnmørsbadet i Herøy opna. Vi tenkte at det kunne bli mindre interesse for å bruke det vesle bassenget vårt. Men slik har det ikkje gått. Mange småbarnsforeldre som har faste timar her seier dei likar roa som er her ved varmtbadet. Det blir ikkje så oppjaga, og meir samling for familien enn i eit stor fellesbad, kommenterer Løset.

Deler på vaktansvaret

Hareid Sanitetslag har tre tilsette som går vakter ved varmtbadet i vekedagane. Laurdagane er det medlemene i saniteten som deler på vaktansvaret etter ei turnusordning.

– Alle timar er borttinga, og vi veit at det også er dei som er interesserte i å kome her søndagane også. Men det har vi ikkje opna for, i frykt for å sprenge sanitetsmedlemene, smiler Løset.

Frå tid til anna er det folk som på grunn av sjukdom eller andre saker må avbestille badetimen sin, og det går godt an å ringe varmtbadet for å spørje om der er ein ledig time.

– Opningstida følgjer skuleruta, med unntak av haust- og vinterferien. Då har vi ope, forklarer Ingrid Stennes.

Lang fartstid

Ei av dei som har lengst fartstid i bassenget, er Oddrun Kleven. Ho og ektemannen Arthur tinga seg timar i bassenget heilt frå starten for 40 år sidan. Arthur har gått bort, men Oddrun kjem framleis ein gong i veka for å varme og mjuke opp kroppen i bassenget. Dessverre var ho forkjølt og ikkje til stades då Vikebladet Vestposten stakk innom onsdag kveld. Men dottera Karin Kleven og ektemannen hennar, Åge Breivik var på plass.

– Eg har vore med mamma og pappa sidan eg var ei lita jente. No hender det at vi er fire generasjonar i bassenget samstundes. Varmtbadet har blitt ein fin boltreplass også for barnebarna våre, fortel Karin Kleven.

Sanitetskvinner under opninga av badet i 1977: Framme f.v.: Anna Bjåstad, Margreta Hovden. Bak: Berta Pilskog, Norunn Holstad, Ruth Nakken, Aagot Landmark, Lilly Arnesen, Berta Gjerde og Vigdis Riise. Foto: Arkiv.