Det har lagt seg eit fint snølag – mange stader opp i 30 cm –i låglandet på Hareidlandet i løpet av dei siste dagane. Men til dei som har vore ute og prøvt skiene, er meldinga at det no er over for denne gong.

Alt måndag kveld 16. januar var det varsla nedbør  i form av regn – og frå tysdag 17. januar blir det ein vesentleg temperaturauke. Det kan bety at all snøen som no ligg oppe i nedbørsfelta til fjells, vil renne unna i form av vatn. Det kan bli mykje vatn i elvane og kan hende flaumsituasjonar lokalt.

Langtidsvarselet til yr.no spår 6-7-8-9 varmegrader kvar dag fram mot 25. januar, men med litt lågare temperaturar mot slutten av perioden.