Ekspanderinga gjer at SEVI Group har behov for å samle utvikling, marknadsføring- og saksaktiviteten ved det nye hovudkontoret i Ulsteinvik. Dette skjer i samband med overtaking av Seastate 7 AS.

Sevi Group AS eig no selskapa Sevi Blue Power AS, Sevi As og Seastate 7 AS.

SEVI vil halde fram aktiviteten innan service og produksjon for maritim industri på Mjølastadneset i Herøy.

– SEVI er involvert i fleire spennande prosjekt både innan havbruk, fiskeri og transport, og med utvikling av energieffektive løysingar. Og vi byggjer vidare på kompetansen selskapet har opparbeidd seg innan automasjon, dieselmotorar, tavlesystem og generatorar, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Seastate 7 i 2014

Seastate 7 vart starta i 2014, og har sidan drive fram fleire utviklingsprosjekt med miljø og effektivitet i fokus. Ingeniørverksemda har blant anna utvikla og patentert MPD, ei botnluke som ved implentering i skip vil spare miljøet for store utslepp i form av redusert drivstofforbruk på offshore- og spesialfartøy rundt om i verda.

Utviklingsprosjekt

Sevi Blue Power AS er ein systemintegrator med vekt på miljøteknologi for energieffektiv drift av skip.

– Selskapet har utvikla fleire nyskapande løysingar og er involvert i fleire utviklingsprosjekt med viktige aktørar i den maritime næringa. Det er søkt om patent for fleire av løysingane som Sevi Blue Power har utvikla, opplyser styreleiar Jan Arild Roppen i Sevi Group AS.