Mellom 20. – 29. januar går Internationale Grüne Woche av stabelen i Berlin, med mat og drikke frå Hareidlandet representert.

– Det er ei stor ære for oss i Gode Greier å få delta der. Både for å vise våre produkt, men først og fremst for å profilere Norge, og FjordNorge. Vi skal stå på den standen. I tillegg til våre produkt er det andre produkt vi har med frå andre lokale produsentar. Dette blir veldig spanande, seier Lisa Mari Breivik Anderson i Gode Greier.

Heile 18 bedrifter frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser, Internationale Grüne Woche, i Berlin 20-29. januar 2017. Av desse er 6 bedrifter frå Møre og Romsdal. Og blant desse finn vi altså Gode Greier, med base på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein kommune.

Populær norsk stand

IGW er ikkje berre sentral i det nasjonale omdømmearbeidet kring norsk mat internt og i resten av verda – men òg ei intern skolering og møteplass for lokalmatprodusentar, restaurantar og reiselivsnæring med kortreist kvalitet i sentrum.

Deltaking i Berlin er òg eit signal til deltakarane at dei syner engasjement og positiv utvikling i verksemda si.

– Dei som har vore der seier dei har hatt det kjekt. Den norske standen er veldig populær, då den har matservering. Det er spesialitetar frå dei ulike landa ein vil vise fram, og når det gjeld Norge er det lagt vekt på lokalmat. Om ein skal få folk til å reise ein stad er det viktig å gjere folk merksame på at ein har god mat. Ekte, gode råvarer skal stå i sentrum på denne standen, seier Breivik Anderson.

Får med seg Grim & Gryt

No har det seg slik at også ein annan produsent av lokale produkt får kome innom den store matmessa, nemleg Grim & Gryt.

– Dei er eigentleg ikkje blant utstillarane som er inviterte til å stå på FjordNorge-standen, men dei tek turen nedover mot slutten av messa, og skal vere med på regiondagen, eit seminar for norsk mat og reiseliv, fortel Lisa Mari Breivik Anderson.