Søre Sunnmøre Matmanifest har no blitt vedtatt i fire av dei i alt sju kommunane på Søre Sunnmøre. Fleire prosjekt er på gang, mellom anna eitt der folk blir oppmoda om å plante epletre i hagane sine.

- «Fem epletre i kvar hage» har vi valt å kalle det. Epletre er noko dei fleste som har hage har. Men, ikkje alle får til det å vekse fram eit flott epletre. Matmanifestet kan difor få tak i passande tre som passar til området, både med tanke på krav til jordsmonn, men også korleis ein skal unngå skurv, sjukdom og andre ting, fortel Magne Larsen.

Larsen er styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest, og er mannen bak ideen om eit slikt manifest. Det har vore oppe til politisk handsaming i fleire av kommunane på Søre Sunnmøre, og til no har Hareid, Ulstein, Sande og Volda knytt til seg manifestet. Det skal også opp til politisk handsaming i dei tre resterande kommunane, Vanylven, Ørsta og Herøy.

Malen for korleis det endelege matmanifestet vil sjå ut ser du nede til høgre på denne sida, og manifestet blir eit dokument som skal skrivast under av kvar enkelt av ordførarane på Søre.

Vil bevare matjorda

Magne Larsen blir også kontaktperson for Matmanifestet. Han fortel at dei som vil også kan bli medlemmar i manifestet.

– Vi ser mellom anna no at Hageselskapet Hareid og Ulstein nesten er nedlagd. Kanskje kan ein klare å puste friskt liv i hagelaget igjen gjennom Søre Sunnmøre Matmanifest? spør Magne seg.

Han er også oppteken av at ein tek vare på jordbruket, og meiner det er synd at så få mål med dyrka mark står igjen i Ulstein og Hareid, samt dei fem andre kommunane på Søre.

– Denne attraksjonen med fem epletre i kvar hage kan gi Matmanifestet ein god start, og kanskje inspirere fleire til å byrje å dyrke sjølve. Det er ikkje slik at ein absolutt treng å plante fem epletre, eller epletre i det heile tatt.

– Ein kan også plante andre tre. Det viktigaste er at vi får sett fokus på å behalde matjorda, og at vi let kunnskapane våre gå vidare til våre etterkomarar igjen, seier Magne Larsen avslutningsvis.

<strong>Plant tre i hagen:</strong> Magne Larsen i Søre Sunnmøre Matmanifest fortel at matmanifestet no startar eit prosjekt, «Fem epletre i kvar hage», for å få fleire til å plante tre i hagen sin. – Eg bistår gjerne med hjelp og gode tips, det er berre å kontakte meg, seier Larsen, som er styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.