Fredag kom den gledelege meldinga om at Ulstein og Hareid lensmannskontor og Herøy og Sande lensmannskontor består, begge to. Det etter at politidirektør Odd Reidar Humlegård gjekk vidare på politimeister for Møre og Romsdal politidistrikt, Ingar Bøen, sine anbefalingar.

– Grunnen til at vi gjekk inn for å behalde begge kontora er at dette er to relativt store lensmannskontor i vår samanheng, det er nokre av dei største vi har på Sunnmøre. Vi prøver å vere til stades der det bur mest folk. Både det å opprette eit felles kontor i Myrvåg og å avfolke politiet frå tettstadane blei feil, seier Ingar Bøen til Vikebladet Vestposten.

Set pris på kommuneinnspel

Bøen og dei andre politimeistrane kring om i Norge har fått mange gode råd frå ordførarane i kommunane.

– Det er klart vi veit godt at det å få behalde begge desse kontora betyr mykje for Ytre Søre Sunnmøre. Vi har trua på at eit politi som er til stades gir mange gode effektar i eit nærmiljø. Folk skal kjenne politiet, og ikkje nøle med å kontakte oss. Når vi no beheld begge kontora, har vi høyrt på kommunane der ute, som har argumentert godt for å behalde dei.

Bøen fortel at om politiet åleine skulle bestemt, så kunne det blitt samanslåing.

– Faktisk så ville arbeidsgruppa slå saman kontora til eitt, men heldigvis, gjennom prosessen der kommunane var involverte fekk vi så gode innspel at vi måtte kople politifaglege argument saman med dei kommunale. Eg kan sjølv bekrefte at dialogen har vore veldig god. Ein open og tillitsfull kommunikasjon. Så har vi fått ein konklusjon som vi meiner er god, og som politidirektøren tydeleg også meinte var god.

– Fint å kunne korrigere

Det har siste vekene kome fram at politiet i somme tilfelle gir opp for høge tal. Sunnmøre politidistrikt kjem dårleg ut i ein studie, der 32,6 prosent av dei spurde polititilsette sa dei hadde triksa med tala. Til dømes under rapporteringa etter fartskontrollar.

– Eg kjenner ikkje bakgrunnen for innhaldet i undersøkinga, men det er ein føresetnad at vi rapporterer riktig. Det kan tyde på at dei som har rapportert ikkje har forstått formålet med rapporteringa. Det er alltid greitt for oss å få slike undersøkingar, som gjer at vi kan korrigere og betre rutinane våre, seier Ingar Bøen.

Meiner politiet har tiltru

Det har også på Ytre Søre blitt ein liten «snakkis» at dersom ein ringjer politiet, så får ein ikkje svar, eller svar tilbake: «vi kan ikkje kome, det er noko anna som er viktigare».

– Er dette eit ressursproblem?

– Vi målast på responstid, hasteoppdrag, og der er politiet i Møre og Romsdal på eit godt nivå. Men, politiet må på lik linje med andre prioritere. Vi tek hasteoppdraga først, og vil elles jobbe for å ha eit godt servicenivå. Om det stemmer at det har blitt ein «snakkis», så har vi openbert mislukkast i å kommunisere kva nivå vi ønskjer å vere på, seier Ingar Bøen.

Ei undersøking viser at spesielt vestlendingane har mindre tiltru til politiet.

– Kva skal politiet gjere for å snu på dette inntrykket?

– Generelt sett meiner eg at politiet har stor tiltru i samfunnet. Snart kjem det ei ny innbyggjarundersøking berre retta mot politiet, og denne trur eg vil vise betre kva folket tenkjer om oss. Vi skal uansett jobbe for å forbetre oss, vi som alle andre, seier Bøen avslutningsvis.