Underskrivne var ein av dei, under ein skitur på Overøye i Stordalen. Tenkte først at det var eit enormt snøras som hadde teke laust, men såg ingen ting i dei omliggande fjellsidene.

Heimkomen såg eg på nrk.no at Sverre Reppe Pettersen på Hareid og Jon-Oli Arnason i Ulsteinvik hadde registrert det same. Dei meinte lyden var som frå ein eksplosjon. Ei kvinne på Longva hadde også høyrt drønnet.

Tysdag føremiddag skal det ha kome inn 120 kommentarar om saka på NRK si facebook-side.

Det viser seg at det var ei eldkule som suste gjennom atmosfæren og gjekk i oppløysing.

Truleg i Dovreområdet

Norsk Meteornettverk skriv at dei har fått inn rapportar frå fleire plassar i Sør-Norge. Eldkula vart følgt av det som meteornettverket kallar eit toreskrall. Det tyder på at eldkula har nådd langt ned i atmosfæren. Meteornettverket konkluderer med at ho har gått i nordleg retning over dei nordlege delane av Langfjella, truleg ein stad i Dovre-området.

Dei fleste innmelde observasjonane kom i hovudsak frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Oppland og Rogaland.

Her er nokre:

Silje Slettedal: Vi såg den frå Langeland skisenter, Sogn og Fjordane, den var blå og delte seg før den forsvann, og det føltest som om den var 3 km unna.

Arild Reppen: - Såg den frå Kleivane skiløyper på Sandane, Nordfjord. Blå eldkule godt synleg midt på dagen.

Pasnelcale Baudon: - Eg registrerte same eldkula frå ytterst i Sogn og Fjordane.

Janicke Lundhaug: - Jeg så denne på Dokka, Nordre Land, ca 13.50. retning sørvest til nordøst … nydelig. Svært godt synlig på klar, blå vinterhimmel.

Ove Karlsvik: - Var på skitur på Dovrefjell sammen med min kone. Vi så en ildkule i bratt vinkel og stor fart på veg mot bakken. Vanskelig å si hvor stor avstanden var, men det var nær. Trolig bare noen få hundre meter. Veldig intenst lys som så ut til å løse seg opp i små fragmenter før det forsvant bak en skrent.

Martin Hessen: - Såg ikkje lyset, men var ute og gikk tur på Tueneset i Ålesund. Ca 1350 hørte vi et voldsomt skrall retning nordøst for Ålesund. Tenkte at no hadde det skjedd ei sprengningsulykke eller eksplodert noen store drivstoffstanker en plass.

Gunn-Lise Voldsund: - Såg to ildkuler som dala i ein fin boge i nordleg retning frå Ulsteinvik, isblå i fargen med litt gult i. Ein kraftig smell eit par-tre minutt etterpå.

Oddrun Kobbevik Oldeide: - Eg såg eldkula i ein kort augneblink og i lav høgde, i 14-tida (har ikkje eksakt tid)15.januar. Dette hende på Hakallestranda i Vanylven kommune i Møre og Romsdal.

Enkelte såg altså eldkula medan ho reiste over himmelen, andre berre høyrde eksplosjonen då ho løyste seg opp.

I ein artikkel på Wikipedia står det at eldkula kan produsere lyd, når bana blir avslutta med ein eksplosjon fleire kilometer over bakken.

Ei eldkule kan vere mange hundre meter i diameter. Størsteparten er lysande gassar. Berre nokre centimeter eller desimeter er ein fast kjerne. Restane av denne kjernen kan falle ned på jordoverflata og bli funne att som meteorsteinar. Veldig store kjerner kan skape meteorittkrater.