I februar i fjor vart to mindreårige asylsøkjarar meldt til politiet for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente i Ulsteinvik. Båe dei melde var under 16 år då det hende.

Meldinga til politiet var medverkande til at heile gruppa av mindreårige asylsøkjarar vart teke ut av Ulstein ungdomsskule, og fekk undervisninga lagt til Høddvoll for ein periode.

No skriv Sunnmørsposten at politiet har lagt vekk saka.

– Den eine saka blir henlagt «etter bevisets stilling», medan konklusjonen i den andre saka er «Intet straffbart forhold anses bevist», opplyser politiadvokat Catrin Remøy ved Sunnmøre politidistrikt til Sunnmørsposten.

Båe sakene skal ha vore gjennom ei omstendeleg sakshandsaming med politiet.

Då sakene vart lagt vekk i første omgang, vart avgjerda påklaga av den fornærma jenta. Men statsadvokaten støtta politiet i å leggje vekk saka.

I det eine tilfellet vart det «ord mot ord». I det andre tilfellet vart det uvisst om det som hadde gått føre seg var straffbart.