Eiksundtunnelen er stengt, melde politiet rundt klokka tolv i dag (måndag).

Grunnen til at tunnelen vart stengt var at eit utanlandsk køyretøy fekk motorstans i tunnelen. Politet kom til staden.

Oljelekkasje

Køyretøyet som fekk motorstans var lasta med fisk, og det var oljelekkasje frå bilen. Volda brannvesen kom til staden for å få vekk oljen.

Kvart på eitt melde politiet at kranbil var rekvirert. Vegtrafikksentralen sende personell for å hjelpe med trafikkdirigering.

Vikebladet Vestposten fekk tips på denne tida om at bilkøa strekte seg forbi volleyball-banen på Eiksund-sida.

Opnar så fort som råd

Sindre Moldnes på Operasjonssentralen til politiet kunne i eitt-tida ikkje seie når tunnelen ville opne igjen. Han fortalde at det var ikkje det at dei venta på kranbil som var største problemet. Det kunne vere at dei kunne få ut køyretøyet på anna vis.

Den største utfordringa var all oljen i vegen. - Det må strøast skikkeleg før me kan sleppe trafikk gjennom tunnelen, sa han til Vikebladet Vestposten.

Volda Brannvesen melde på twitter at dei var i Eiksundtunnelen og la på absorbentar før kostebil kom for å koste opp.

Moldnes sa at politiet veit at dette er ei viktig strekning, og dei jobba med å få opna tunnelen så fort som råd.

Taua vekk

Kvart på to vart det motorhavarerte køyretøyet køyrd ut av tunnelen. Men kostebilen var ikkje ferdig å koste vekk strøsand og olje før klokka var ti over to.

Det danna seg lange køer på kvar side av tunnelen etter han var stengt i over to timar. Her frå Ørsta-sida. Foto: Marie Mork Blindheim