28. april i fjor søkte Johan P. Brandal kommunen om å få leige eit naust i Brandal. Trass i purring i september i fjor, har han enno ikkje fått svar.

Johan Peter Brandal driv garn- og linefiske frå eigen sjark. Han har ein kvote på 25 tonn torsk, og har i tillegg til den 29 fot store sjarken «Burik» mykje utstyr. Det må han ha liggande ute på kaia ved fiskeridelen i Brandal hamn, for han har ingen annan stad å lagre det.

Fråstolen utstyr

– Både line og garnspel vart stole søndag for 14 dagar sidan. Inkludert ei pumpe var verdien på over 20.000 kroner. Tidlegare har eg mist 30 garnringar på ein gong, og det har også hendt at det har vore hærverk på fiskeutstyret mitt, fortel Johan Peter Brandal.

Slik ønsker han sjølvsagt ikkje å ha det.

Kommunen eig to naust

Hareid kommune eig to naust midt i Brandal hamn, og Johan Peter ønskjer å leige det eine.

– 28. april 2016 leverte eg eigenhendig ein søknad om å få leige det eine. Det var folk på servicekontoret ved rådhuset som tok imot. Då eg ikkje fekk noko svar, sende eg ei purring i Posten 28. september i fjor, fortel Johan Peter, og viser fram kopi av begge breva.

– Trass i purringa har eg framleis ikkje høyrt noko, og det synest eg er dårleg gjort, slår han fast.

Brandal Vel har fått leige det eine naustet, og etter det han har fått vite, vart det under kommunestyremøtet der dette vart bestemt, nemnt at Johan Peter hadde søkt om å få leige eitt av nausta.

– Så kommuneleiinga bør ikkje svare at dei ikkje veit om det.

No startar straks torskefisket, og Johan Peter vil gjerne ha eit svar frå kommunen.

Svar frå rådmannen i Hareid:

- Ikkje slik det skal vere

– Eg kjenner ikkje til saka, men sjølvsagt skal Johan P. Brandal ha eit svar, kommenterer rådmannen i Hareid.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge seier til Vikebladet Vestposten at ho forstår godt at Johan Peter Brandal er i ferd med å misse tolmodet viss det er slik at han ikkje har fått svar verken på søknaden frå i fjor vår, eller purringa i fjor haust.

-Det høyrest ikkje bra ut, og slik skal vi ikkje ha det. Eg vil no prøve å finne ut kvifor han ikkje har fått svar. Er det svikt i rutinane våre, er vi nøydde til å rette det opp. For det er klart at han skal ha eit svar, slår rådmannen fast.