Regjeringa har elles sett av 2–2,5 millionar kroner til støtte til den norske selfangsten i 2017.

I januar fortalde selfangstskipper Bjørne Kvernmo på Havsel, som dei siste åra har vore åleine om å drive selfangst i Noreg, at han gir seg, og at han ikkje har nokon til å ta over.

– For meg er det opplagt at det er slutt. Eg har vore klar over det lenge at det måtte gå den vegen, sa Kvernmo til Dagens Næringsliv 20. januar.

Fiskeridirektoratet foreslår likevel å setje av ein kvote på 26.000 grønlandssel i Vesterisen og 7.000 i Austisen.

Støtta til selfangsten vart fjerna frå statsbudsjettet under Elisabeth Vik Aspaker (H) i 2015, men noverande fiskeriminister Per Sandberg (Frp) tok inn igjen tilskotsordninga i 2016.

Ifølgje Kvernmo har både forbodet mot transitt av selprodukt i EU, kuttet i statsstøtta i 2015 og klimaendringane gjort det vanskeleg å drive med selfangst. Fangsten i 2016 var elendig. Etter Fiskeridirektoratets tal vart det i fjor tatt 1.044 vaksne grønlandssel og 454 ungar av ein kvote på til saman 28.270 dyr.

– I fjor var det jævlig lite is. Vi fann nesten ikkje sel. Det vart bomtur. Ein kjempenedtur, var Kvernmos oppsummering av Grønlands-turen i 2016.

Fiskeridirektoratet har sendt forslaget til regulering av selfangsten i 2017 ut på høyring.