- Sjølvsagt vil eg det! sa statsminister Erna Solberg.

Ho har nok litt å slekte på når det gjeld politikk, Elise Gjerde Engh, dottera til Ulstein-ordførar Knut Erik Engh. Men når det gjeld parti er fjerdeklassingen per no ikkje heilt på bølgelengde med pappa. Og det er ingen kven som helst Elise har som sitt store politiske førebilete. Det er nemleg statsminister og Høgre-politikar Erna Solberg.

- Sorry, sa ho til pappa og Framstegsparti-politikar Knut Erik Engh med eit lurt smil, då ho blei spurt av lokalavisa.

Gav Erna valentinskort

Då statsministeren kom opp frå rundtur på Ulstein Verft sitt nybygg for Bernhard Schulte fekk ho tid til å gjere nokre intervju og snakke med somme av dei frammøtte.

Ei av dei som verkeleg hadde sett fram til å få møte statsministeren var nettopp Elise. Ho handhelste på Solberg, og gav ho i same slengen eit valentinskort. Der hadde ho laga til ein ja-boks og ein nei-boks. Statsministeren såg smilande på Elise då ho fekk kortet, gav ho ein god klem, og både kryssa av i ja-boksen og signerte kortet.

- Eg likar ho veldig godt, ho er ei flink og snill dame, sa Elise til Vikebladet Vestposten etter at ho hadde fått det som heilt sikkert er eit minne for livet.

Pappa Knut Erik kunne også avsløre at dottera godt kan tenkje seg å bli politikar sjølv når ho blir stor.

- Ho har sagt ho godt kan tenkje seg å bli statsminister sjølv ho. Vi får sjå kva som skjer, seier Knut Erik med eit stort smil om munnen.

Endeleg fekk Elise møte si store heltinne, statsminister Erna Solberg. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.