Møre og Romsdal idrettskrets ønskjer å etablere eit ungdomsutval, og søker difor etter ungdomar i alderen 15 til 25 år for å vere ein del av utvalet.

Bakgrunnen er at ein i større og større grad seg at ungdom sluttar med idrett tidlegare og tidlegare, og idrettskretsen ønskjer å lytte til ungdomen for å finne ut korleis ein kan gjere noko med det.

Ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal idrettskrets vil ungdomsutvalet sjølve finne sine eigne oppgåver, men at arbeidet i stor grad vil vere retta mot å finne løysingar for å finne på og sette i verk tiltak for å få ungdomar i fylket til å drive med idrett lenger.