Næringslivsportalen Nett.no har ikkje fått tilgang på tal på nøyaktig kor mykje dotterselskapet til Kongsberg Gruppen går i pluss, men har likevel fått forsikringar på at verksemda hadde grøne tal i 2016.

- Ja, det er rett. Vi hadde plusstal i fjor, seier administrerande direktør i Ulsteinvik-baserte Kongsberg Evotec, Steinar Aabelvik, til Nett.no.

Tapa verksemda hadde frå 2011 til 2015 var på høvesvis 74, 77, 31, 12 og 106 millionar kroner. Samstundes har talet på tilsette blitt redusert frå 105 til i overkant av 50 i fjor. I same periodenhar omsetninga frå 2014 til 2015 gått ned frå 343 til 166 millionar kroner.

Spanande framover

Kongsberg Evotec er blant anna med på Ocean Farming-prosjektet til Salmar, der dei skal levere vinsjar som igjen skal kontrollere netta inne i merdane. I tillegg skal verksemda levere utstyr til to seismikkfartøy som i skrivande stund blir bygd i Kina. Selskapet lanserer også ein ny serie med vinsjar til bruk innan fiskeri. Satsinga på LARS-systema held også fram.

Men det er også mykje anna spanande på gong. Herøy-skipet Olympic Orion vert ifølgje Nett.no først ut med Kongsberg Evotec si storsatsing på gangvegar og systemløysingar for offshore vindmøller. Det nye systemet har fått namnet W2W, eller "Walk to work".