Natalya og Arild Overå har ein tung dag. Under ein fjelltur til Melshornet søndag fekk dei to engelske settarane brått ferten av noko og forsvann.

- Det var veldig spesielt, for dei brukar å kome tilbake etter kort tid, men slik vart det ikkje denne gongen, kommenterer Arild Overå.

Bikkjene forsvann i området Øvrelid/Melshornsida, og Arild og Natalya har brukt heile natta på å leite etter dei.

- I dag klokka 07.00 fekk eg melding om at den eine, "Brutus" var påkøyrd på fylkesvegen Grimstad. Det var fleire vitne til hendinga, og føraren av bilen køyrde berre vidare, fortel Overå.

No håper han dei skal finne "Lola" i live. Ho er kvit og svart, og viss nokon har sett henne er det kjærkome om dei ringer han på 91167945.

Engelske setterar er dyktige løparar. Dei har vore observerte i Snipsøyrdalen, men "Lola" kan vere komen langt avgarde andre stader.  Overå håper bilistar også er litt ekstra merksame.