– Eg er for kommunesamanslåing, men omsynet til lokaldemokratiet tel mest. Eg  trur vi må jobbe meir på begge sider av Eidet. Viss kommunane hadde blitt tvangssamanslåtte no, trur eg det hadde skapt mykje motvilje, og at det hadde tatt lang tid før såra ville gro, kommenterer fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V).

– Men Haram blir tvangssamanslått?

– Der låg ei opning i stortingsvedtaket for kommunereforma om at dersom ein kommune som sa nei låg slik til at det ville vere til hinders for ei større samanslåing, så kunne det bli tvang. Det er dette dei har nytta på Haram. Men vi kan ikkje seie det same om Hareid og Ulstein. Dei hindrar ikkje andre kommunar.

Gjerde trur Hareid og Ulstein til saman hadde blitt ein effektiv og god kommune som kan skape endå betre tilbod til innbyggjarane. – Viss vi klarer å jobbe oss saman vil det bli bra. Hareid og Ulstein er også temmeleg like i folketal, så utgangspunktet er godt.