Klokka 22.50 fredag kveld velta elden ut gjennom tak og veggar på forsamlingshuset The Rock i Myrvåg. Det skal ifølgje politiet ikkje vere snakk om at nokon er inne i bygget eller har vore i bygget i tida før brannen. Årsaken til brannen er ikkje kjent, men utifrå det eit av vitna som først såg røyken fortalde til Vikebladet Vestposten, må det ha starta innomhus.

Politiet meldte fredag kveld om røykutvikling frå forsamlingshuset, men det tok altså ikkje lang tid før huset var overtent.

Naudetatane er på staden, og brannvesenet må tidvis over til sjukeheimen for å få fylt meir vatn i tankane til slokkingsarbeidet. Brannvesenet både frå Herøy, Sande, Ulstein og Hareid deltek i arbeidet.

- Huset er overtent så no er fokuset å få kontroll på brannen og få ei kontrollert nedbrenning, fortalde operasjonsleiar Jon Bratland i Sunnmøre politidistrikt til smp.no ved midnatt.

Naboane blir bedne om å lukke vindauga sine på grunn av røyk.

Ei trist scene utspeler seg i Myrvåg fredag kveld. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.