Påmeldinga til årets sommarskule ved Ulsteinvik barneskule 7. – 11. august, blei opna førre fredag, og arrangørane i Forskerfabrikken håpar at mange av dei som skal opp i 5. til 7. klasse til hausten vil bli med.

– Årets sommarskule har heilt nytt innhald frå i fjor. For i år er det «glitrande krystallar, skjelettforsking og ville eksplosjonar» som står på timeplanen. Vi skal lage heftige vulkanar og forske på kjemiske reaksjonar. Geologi er eit viktig tema under årets sommarskule, og alle deltakarane får eit eige steinsett med ekte fossil, mineral og bergartar til odel og eige, seier Ingrid Wilberg Arnesen, kommunikasjonsleiar i Forskerfabrikken.

Stor støtte frå Rolls-Royce

I år som i fjor støttar Rolls-Royce på Sunnmøre prosjektet. Heile 50.000 kroner har konsernet løyva til sommarskulen, noko som gjer at eigendelen per deltakar på sommarskulane Forskerfabrikken arrangerer i Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg går kraftig ned.

– Dette betyr at vi kan nå langt fleire born i regionen. Det hjelper oss i arbeidet med å vise alle born og unge kor spanande teknologi og realfag er. Behovet for teknologi- og realfagskompetanse vil halde fram med å auke i framtida, og for å møte dette behovet er vi nøydde til å starte tidleg med å skape positive haldningar til faga, også på fritida. Vi er utruleg glade for at Rolls-Royce vil vere med på dette viktige arbeidet på Sunnmøre, seier Wilberg Arnesen.

Påmeldinga skjer via Forskerfabrikken sine nettsider.

– Ikkje vanskeleg å støtte

Til Vikebladet Vestposten fortel Kjetil Berg-Rusten Haddal, HR shared services manager i Rolls-Royce Marine, at det var sjølvsagt for Rolls-Royce å støtte prosjektet, som dei ser på som svært nyttig for alle involverte.

– Forskerfabrikken er ei gründerverksemd som har imponert oss. Vår støtte går til sommarskulane i vår region her på Sunnmøre. Sommarskulane avlar nysgjerrigheit og kunnskapsglede hos born, og dette tiltaket var difor ikkje vanskeleg for oss å støtte, seier Kjetil Berg-Rusten Haddal.

Som også oppmodar dei som ønskjer det til å melde seg på sommarskulen.