Ved sidan av fylkesvegen står det eit stort anker, 1,2 tonn tungt, med tydelege spor av å ha vore under vatn ei stund. Hengande på ankeret finn ein salsplakaten, for no skal det få ny eigar.

- Eg har ikkje plass til det i hagen min, så det må nok bli slik, seier Remi Stridh til Vikebladet Vestposten og flirer.

Frå russisk trålar

Stridh, broren Morten og Hans Michael Aasen har jobba saman på prosjektet med å få berga tre anker frå Krasnoselsk, ein russisk trålar som forliste og la seg på 22 meters djup, rett ved sidan av ei kai i Hundeidvik. Berre 30 meter ut frå kaia finn ein baugen på skipet. Forliset skjedde under orkanen Dagmar, første juledag i 2011. Det 53 meter lange skipet, som blei bygd i Litauen i 1977, låg eigentleg ved kai for å få montert fryseri om bord, men enda i staden som eit av mange skipsvrak ein kan finne i norske fjordar.

No kan altså eitt av tre anker som trioen Stridh, Stridh og Aasen har berga bli ditt. Dei to første ankera er alt selde. Det eine står ved Lanternen Marina på Jensholmen i Herøy, medan det andre står ved Goksøyr Camping på Runde.

- Vi fekk lov av grunneigar, han som eig kaia i Hundeidvik, til å berge dei. Det er eit flott anker vi har att no, og det er i god stand. Men, det tek ein del plass, så den som kan tenkje seg eit slikt flott anker må berre ta kontakt, seier Remi Stridh.

Attraksjon for dykkarar

Krasnoselsk har blitt ein mykje besøkt attraksjon for sportsdykkarar. Ifølgje dykkepedia.com, som har ein eigen artikkel om Krasnoselsk, er vraket eit flott syn, spesielt om vinteren, når sikta i vatnet er ekstra god. Det er også mykje dyreliv å finne rundt vraket, som til dømes hummar, lange, blekksprut og mykje anna. Under styrbord side av baugen er heile skroget dekt av dyreliv. Det blir vidare beskrive som eit fint vrak for nybyrjarar å kike på.

Ei sak som har rulla og gått i lengre tid er om ein skal flytte litt på vraket, slik at det blir enklare for båtar å legge til ved kaia. Dette skal no truleg gjerast, og vil skje på grunneigar si rekning.