Etter føringane i statsbudsjettet skulle ikkje kommunen få slike midlar i det heile.

Hareid får kr. 500.000 pluss kr. 350.000 (tilsaman kr. 850.000) på grunn av nedgang i næringslivet.

Dette vart vedteke i regional- og næringsutvalet på fylket i møte 14. mars. Tildelinga i år har ein særleg profil med tanke på kommunar som har særlege distriktsutfordringar eller omstillingsbehov.

I statsbudsjettet er det lagt føring for at alle distriktskommunar i landet (d.v.s. dei som ligg i sone II-IV) får eit grunnbeløp på kr. 500.000 til påfyll i næringsfonda sine.

Men i tillegg er det vedteke å gi nokre tilleggsløyvingar, gradert etter Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin distriktsindeks.

Her i fylket blir det lagt inn 300.000 kroner til kommunar som ligg på lågast indeksverdi. Det gjeld Halsa,  Vanylven, Aure, Smøla, og Tingvoll.

På neste trappetrinn kjem Vestnes, Stranda, Gjemnes og Sykkylven, som får 200.000 kroner – og Fræna og Midsund, som får 100.000 kroner utover grunnbeløpet.

Deler på 3 millionar

Kommunar som har omstillingsbehov på grunn av nedgang i næringslivet deler på 3 mill. kroner, i tillegg til grunnbeløpet. Det vil seie at Kristiansund, Herøy, Haram, Sande og Hareid får tildelt 350.000 kroner ekstra på grunn av krisa i den petroleumsrelaterte leverandørindustrien.

Ulstein kommune er i sone I, slik at kommunen ikkje får grunnbeløp, men får i staden 800.000 kroner av omstillingsmidlane.

Stordal får 400.000 kroner ekstra på grunn av eit meir langsiktig omstillingsbehov. Desse midlane er knytte til prosjektet «Vekst i Stordal», der ei styrking av næringsfondet er ein del av finansieringa.

Får ikkje midlar i det heile

Kommunar som ligg utanfor det distriktspolitiske virkeområdet (sone I), får ikkje tildelt midlar i 2017. Det gjeld Molde, Ørskog, Skodje, Sula, Giske og Ålesund.

Ulstein er også i denne kategorien, men får altså næringsfondmidlar på grunn av spesielle omstillingsbehov i næringslivet.