Statens vegvesen har sendt ut ei pressemelding der dei presenterer kva strekningar som skal leggast asfalt på i løpet av 2017. For Ulstein og Hareid er det plukka ut ei strekning i kvar kommune.

For Ulstein sin del gjeld det ei strekning på 1040 meter på fylkesveg 61 mellom Kvalnestunnelen og rundkøyringa på Garnes. I Hareid kommune er det ei strekning på fylkesveg 37 på 2724 meter mellom Hareid og Brandal som skal flatelappast.

Totalt skal det asfalterast 110 kilometer fylkesveg og 150 kilometer riksveg som skal asfalterast. Leiaren i asfaltseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal slår fast at ein ikkje har midlar til å prioritere alle vegar som har djupe spor.

- Vi har ikkje nok midlar til å asfaltere alle vegar som burde hatt nytt dekke. Vi må prioritere. Når vi prioriterer mellom vegar, så spelar trafikkmengde,andel tungtrafikk det er på vegen og trafikksikkerhet inn, seier Thor Asbjørn Lunaas.