Tysdag selde Blomqvist Kunsthandel i Oslo eit fotografi av John Olav Riise til ein pris på 38.000 kroner – pluss 22 prosent salær.

Fotoet er frå 1931 og mannen som er portrettert på karakteristisk «Riise-vis» er forfattaren Stein Bugge.

Bildet er 36x22,5 cm og er signert på passepartout nede til venstre.

Kjøpt av privatperson

Fotoet var utstilt på Exposition Bievres S & O France, i 1957.

Kven som har kjøpt fotoet har ikkje Blomqvist opplyst. Men det er ein privatperson, ikkje nokon institusjon.

Kunstkjennar Gunnar Krogh-Hansen ved Oslo Kunsthandel er imponert over kunstfotografen frå Hareid.

– John Riise er ein sjeldan og særeigen fotograf av høg internasjonal standard. I si samtid var han ein litt ukjent figur, litt på sida den etablerte kunsten. Ingen andre dreiv med kunstfoto på den tida, fortel Krogh-Hansen.

Han meiner det er fotografia frå 1920- og 30-talet som er spesielt interessante.

– Då var han ein del av kunstnarrørsla i Paris, og var kopla opp mot surrealistane, forklarar han.

I den tida braut han med rådande konvensjonar og kombinerte element frå kubismen, surrealismen og ekspresjonismen i fotografia sine.

Gunnar Krogh-Hansen seier det er først dei siste åra foto har begynt å bli allment akseptert som kunstform.

– Eg kjenner meg sikker på at fotoa til John Riise kjem til å stige i pris i åra framover, spesielt dei frå 1920- og 30-talet, seier kunstkjennaren.

Henie Onstad Kunstsenter er dei som har den største offentlege samlinga med foto av John Riise. Dei hadde ei utstilling med han i 2006, og kunsthistorikaren Eva Klerck Gange har skrive bok om han.

På veg opp: Kunstkjennar Gunnar Krogh-Hansen trur prisen på fotoa til John Riise vil stige. Foto: Oslo kunsthandel