Ulstein vidaregåande skule har god røynsle med å la framandspråkelevane dra til utlandet, så dei får sjå og høyre språket dei studerer på nært hald.

– Det er noko kunstig med å undervise framandspråk i eit klasserom i Ulsteinvik, seier tysklærar Oddny Ekroll.

Ho var mellom dei første i Noreg som tok med seg språkelevar på tur. Sidan 1993 har ho årleg reist med tyskelevar så dei skal få sjå og oppleve språket «i levande live».

Sundag reiser 40 tyskelevar til Berlin i Tyskland, og måndag reiser 63 spanskelevar til Madrid i Spania. Dei kjem tilbake fredagskvelden.

Undervisning på språkskule

Dei første åra var turane guida turistturar, men sidan 2007 har elevane fått undervisning. Frå ni til eitt kvar dag får dei undervisning på ein språkskule. Då får dei undervisning av ein lærar som underviser på morsmålet sitt.

Spanskelev Ida Olin Hauge fortel at dei har tatt ein test for å kartleggje kva nivå kvar elev ligg på i spansk. Så blir dei delt opp i grupper etter kor flinke dei er i språket, så elevane får undervisning tilpassa sitt nivå.

Tyskelevane har ikkje tatt ein slik test, men lærarane veit gjerne kva nivå dei ligg på og vil dele elevane i tre grupper deretter.

Historia på nært hald

På ettermiddagane blir det tid for språkelevane til å sjå seg om og byen dei skal vere. På programmet står museum, byvandring og liknande. Tyskelevane skal få ta toget til eit vakkert slott, og spanskelevane skal få oppleve ein park.

Tyskelev Vilde Skeide Voksøy gler seg til å få reise ned til Berlinmuren og oppleve han på nært hald medan dei lærer historia om korleis Tyskland vart delt i to.

– Det blir noko anna å kome ned dit å høyre språket rundt seg på alle kantar. Det blir uvant å bruke språket når me skal bestille mat, eller spørje nokon om klokka, seier Sebastian Mork Strand.

Kultur og sol

Ida ser fram til å oppleve ein annan kultur, og Nikolai Sandanger Pettersen håpar dei får oppleve litt sol. For å kome i kontakt med spanjolar og tyskarar, slik at dei får praktisert språket mest mogleg, har ungdomane planar om å vere utadvende.

Turen er frivillig. Dei som av ulike grunnar ikkje reiser får undervisning på skulen.

Reiseklare: Vilde Skeide Voksøy, Sebastian Mork Strand, Therese Holstad, Helene Vike, Ida Olin Hauge og Nikolai Sandanger Pettersen ser fram til ei lita veke i Berlin og Madrid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide