Klokka halv ni i kveld blir lyset sløkt i mange heimar og på offentlege bygningar. Eiffeltårnet, Taipei 101, Empire State Building, Big Ben, Akropolis og tusenvis av andre landemerke og ikonbygg sløkkjer lysa for klimaet.

I år er det ti år sidan Earth Hour vart markert første gongen. Ved å sløkkje lyset viser ein symbolsk at ein står saman mot klimaendringane.

Fornybar revolusjon

- På tiårsdagen for Earth Hour er det viktigare enn nokon gong at verda står saman for klimaet. Klimaendringane har alt enorme konsekvensar. Me opplever dramatiske døme som daude korallrev og smeltande havis. Folk over heile verda ser no alvorer me står overfor. Men dei ser også at løysingane finst. Akkurat no skjer ein fornybar revolusjon som skal hjelpe oss å redde klimaet, seier generalsekretær Nina Jensen i WWF Verdens naturfond i ei pressemelding.

Blir markert på ulikt vis

Kjernen i Earth Houe er at ein sløkkjer lyset ein time, uansett kvar ein er.

Frå den spede starten i Sydney for ti år sidan har Earth Hour vakse til ein global, kollektiv meiningsytring der menneske verda over viser at me står saman i kampen mot klimaendringane.

I Spania og Storbritannia ber årets Earth Hour-supportarar styresmaktene om å ta grep for å møte pliktene i Paris-avtalen. I Ungarn og Uganda ber folk om at organisasjonar og samfunn må leggje om til fornybar energi, medan i Kambodsja, Hellas og Colombia samlast folk om tiltak for ein fornybar livsstil.

I Australia, Earth Hours fødestad, brukar WWF Earth Hour som eit høve til å opplyse ungdom om fornybar energi. Samtidig blir folk oppfordra til å donere pengar til solcellebelysning til folka på den etiopiske landsbygda. I Singapore, Indonesia, India og Hong Kong stiller folk opp som «Earth Hour Buddies» for å beskytte skogar og havområde og for å fremje ein bærekraftig livstil.