Ulstein kommune skriv på nettsida som at kommunen vil søkje om tilskot for området frå nord for Gåsneset, Roppen, Indreflø, Midtflø og Ytreflø.

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte.Føremålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også bli gitt tilskot for å auke kapasiteten for breiband i område der det ikkje kan ventast å kome nye kommersielle tilbod dei næraste åra.

Ulstein kommune tenkjer at det er viktig at innbyggjarane i kommunen har god nettilgang og vil difor søkje om støtte til å utbetre dette området som dei ikkje synest er ikkje er godt nok.

Eitt av krava i søknaden er at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad. - Frist for innspel: 25.04.2017.