Flåttsesongen startar så fort det er over fem grader og fritt for snø.

Det vil seie at flåtten er i full aktivitet mange stader i landet.

– Generelt er det mest aktivitet om våren og forsommaren. Dei fleste tenkjer på flåtten som ei sommarplage, for då går folk oftare lettkledde ute. Men vi som samlar, får gjerne flest om våren, seier Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Ottesen trur flåtten har vore framme i alle varmeperiodane sidan nyttår. Og om det skulle kome ein frostperiode igjen, vil flåtten klare seg bra. Men han vil i så fall vere passiv, fortel Ottesen.

Kvart år samlar Ottesen og kollegaene hans inn flått frå nesten heile landet og analyserer dei for ulike smittestoff. Måndag var dei i Mandal, og der var det mykje flått.

– På fire timar samla vi 800 nymfer og rundt 100 vaksne, fortel han.

Preben Ottesen seier at variasjonen frå år til år er liten.

– Likevel vil du høyre folk seie at "i år er det så mykje flått", men det er veldig lokalt, seier han, og utdjupar at det har samanheng med om det til dømes har vore mykje rådyr i området.