Ei kvinna frå Ulstein var for ei tid tilbake på hyttetur. Ho hadde med seg to flasker vin, men vart ut på kvelden fortvila, og bestemte seg for å køyre heim.

Ho vart stoppa av politiet, og promilla vart rekna ut til vere på 1,52.

Saka til kvinna har vore oppe i Sunnmøre tingrett. Der blir det vist til vegtrafikklova som blant anna seier at det skal reagerast med bot og ubetinga fengsel ved alkoholkonsentrasjon i blodet over 1,2 promille.

Ved utmåling av lengda på fengselsstraffa skal retten legge vekt på graden av påverking og kva fare køyringa førte med seg.

Retten konkluderte med at ein dom på fengsel i 23 dagar, 20.000 kroner i bot og tap av førarretten i 18 månader var høveleg straff.