Under open talarstol-segmentet i starten av kommunestyremøtet torsdag nytta ein av dei som starta innbyggjarinitiativet «Nei til bygging av ny kyrkje i Ulstein kommune» på Minsak.no, Alexander Aaker, høvet til å snakke.

– Vi har all mogleg respekt for kyrkja, men vi meiner det er mykje vi heller burde nytte pengar på enn ei ny arbeidskyrkje. Eldreomsorga, skulane i kommunen, dei vanskelegstilte, barnevern, integrering av nye landsmenn, ja, det er mykje anna Ulstein kommune heller burde prioritere. Vi ser at Ulstein sokn no gjer det dei kan for å få i gang ei givarordning, men kva om fleire av desse fell ifrå om nokre år?

– Vi trur at kommunen uansett må bidra med ein stor sum pengar om ei ny arbeidskyrkje skal bli ein realitet, og det meiner vi er heilt feil, sa Aaker frå talarstolen.

God debatt

Då innbyggjarinitiativet, som fekk 237 stemmer (166 var minimumskravet), kom opp som sak litt seinare i kommunestyremøtet, blei det nok litt meir debatt kring saka enn fleire i salen hadde førespegla.

Tilrådinga som låg føre var som følgjer:

Kommunestyret tek innbyggarinitiativet til vitande no, og vil kome attende til realitetshandsaming av investeringa i budsjett og økonomiplan for perioden 2018–2021.

Tor Meinseth (H) var førstemann av politikarane på talarstolen.

– Dette har blitt ei viktig sak for Høgre. Eg vil takke dei som har stått for dette initiativet, og det Alexander Aaker sa var verdt å lytte til. Etter at vi har late dette med bygging av ny arbeidskyrkje få søkke litt inn, har vi i Høgre-gruppa funne ut at dette vil vi ikkje. Vi meiner vi ikkje treng ei ny kyrkje, og dette vil berre vere sløsing med pengane til kommunen, sa Meinseth og la til:

– Vi har allereie ei flott kyrkje her i Ulstein, som er meir enn god nok.

Etter at Viviann Roppen (Sosialistisk Venstreparti) hadde poengtert at kyrkja ville tene på å gjere bygget ope også for andre trussamfunn, kom Renathe Rossi-Kaldhol (Arbeidarpartiet) opp på talarstolen.

– Først av alt er det veldig gledeleg å sjå at vi får innbyggjarinitiativ på bordet. Det vi må hugse på i denne saka er at vi allereie har gått for å vere med på eit forprosjekt til ei ny arbeidskyrkje, men det betyr ikkje at vi gir klarsignal for bygging. Vi støttar tilrådinga, men vi ventar, slik som mange andre parti her, i spenning på kva kostnadene vil bli, sa Rossi-Kaldhol.

Pål Grødahl (Venstre) sa at hans parti i utgangspunktet er positive til ei ny kyrkje, men det er dersom kyrkja sjølv klarer å skaffe midlane dei har sagt dei skal skaffe.

Oddvar Gjerde (Senterpartiet) var i likskap med Tor Meinseth og Høgre skeptisk til finansieringa av eit nytt kyrkjebygg.

– Vårt parti ønskjer ikkje at Ulstein kommune skal få meir gjeld, men vi er ikkje mot bygging av ei kyrkje.

Vedtatt samrøystes

Kristeleg Folkeparti, ved varaordførar Steinar Torvik og Trond Berg, skrytte som dei andre politikarane av Aaker, med-initiativtakar Peter Skinnes og dei andre som har skrive under innbyggjar-initiativet.

– At ungdommen engasjerer seg kring dette er prisverdig. Men vi skal hugse på at kyrkja er viktig for Ulstein-samfunnet. Vi meiner det kan vere mogleg å få fram realistiske kostnadskalkylar, og at vi kan få til dette. Difor støttar vi tilrådinga, sa Torvik.

Ordførar Knut Erik Engh og hans parti, Framstegspartiet, meinte at initiativet til Ulstein sokn var veldig godt, med tanke på ønsket om større kapasitet.

– Kyrkja har i Ulstein eit stabilt medlemstal, og hovudtyngda av dei som høyrer til ei trusretning i Ulstein, høyrer til Den Norske Kyrkja. Vi har ikkje landa på for eller i mot, men vi ønskjer debatten velkomen, sa Engh.

Tilrådinga blei vedtatt samrøystes, etter at partia hadde hatt gruppemøte, på oppfordring frå Senterpartiet og Høgre. Siste ord i denne saka er nok uansett ikkje sagt.

Alexander Aaker var framme på talarstolen i forkant av kommunestyremøtet og fortalde om bakgrunnen for innbyggjar-initiativet. Han meiner det er mykje godt Ulstein kommune kan nytte pengar på i staden for å bidra på eit nytt kyrkjebygg. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.