Brandal var nitten år og gjekk i lære som motormann hos reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg. Turen med Bourbon Dolphin var hans femte tur som lærling.

– Det gjekk mange dagar før eg klarte å glede meg over at eg overlevde, seier Brandal i dag, ti år etter forliset.

I lære som motormann

29-åringen tek imot lokalavisa heime på Elvaneset i Hareid mellom to nattevakter på Kleven Verft. Saman med sambuar Ida Cathrin Moltumyr og dottera hennar har han kjøpt seg hus like ved barndomsheimen.

Etter ein aktiv barndom og oppvekst prega av skruing og mekking på motorar, bestemte han seg for å verte maskinist. Etter vidaregåande skule i Fosnavåg vart han læring hos Bourbon.

Det var femten menneske om bord i Bourbon Dolphin på turen som skulle bli den siste for ankerhandteringsfartøyet. Bortsett frå eit intervju på TV2 rett etter ulukka, har Brandal ikkje snakka offentleg om det som skjedde torsdag ettermiddag 12. april 2007.

Høyrde eit kraftig smell

Denne aprildagen skulle Bourbon Dolphin flytte eit anker for flyteriggen Transocean Rather på oljefeltet Rosebank, rundt 75 nautiske mil nordvest for Shetland.

– Eg var nesten ferdig med skiftet mitt og gjekk inn i dirtymessa på dekk. Eg hugsar at eg høyrde opningsvignetten til Hotel Cæsar på tv før eg høyrde eit kraftig smell, fortel Brandal. – Det er vanlegvis mange lydar på eit ankerhandteringsfartøy, men dette smellet ... det var stål mot stål, det er umogleg å skildre.

Mindre enn fem minutt seinare ligg han i sjøen og kavar for livet. Skipet ligg med kjølen i vêret.

Kantra utan forvarsel

Båten hadde kantra. I rapporten frå granskingskommisjonen heiter det at forliset skjedde brått og utan forvarsel.

Etter smellet går Kim Henrik og den andre lærlingen, Thomas Arnesen frå Fosnavåg, ut av pauserommet og møter etter kvart matros Egil Hafsås frå Stadlandet. Han ordnar redningsvestar til alle tre, båten krenger kraftig.

– Eg hugsar at Egil sa at vi frå no av måtte tenkje på oss sjølve, seier Brandal.

Dei prøver å halde seg på skipssida, men må gje opp og sklir ned i den tre grader kalde sjøen.

– Første tanken min var at vatnet ikkje var så kaldt. Men det gjekk ikkje mange sekund før eg innsåg at det ikkje stemde, seier Kim Henrik. Han hadde på seg vernesko, og under kjeledressen hadde han berre joggebukse og t-skjorte.

Saman med Hafsås og Arnesen klamrar Kim Henrik seg til eit 1000 liter tomt oljefat som kjem drivande.

Berga etter tjue minutt

Brandal visste det låg mange båtar i området og var sikker på at dei kom til å verte berga.

– Men det var litt ekkelt å tenkje på at det var 1.100 meter ned til havbotnen, vedgår han.

Dei tre karane låg og småprata der i den isande kalde Nordsjøen. Dei innsåg at ikkje alle dei femten hadde klart å berge seg ut før kantringa.

– Eg har aldri vore så kald og frose så mykje som dei minutta. Men eg var ikkje redd, eg frykta ikkje for livet. Først etterpå forstod eg at eg hadde vore i livsfare, fortel Brandal.

Det gjekk tjue minutt før redninga kom. Då vart dei plukka opp av ein mob-båt og tekne om bord i skipet Highland Valour.

– Det tok ein time før eg klarte å reise meg opp. Då gjekk vi opp på brua på Highland Valour og såg utover havaristaden.

Ringde heim til mamma

Etter å ha fått tørre klede, mat og varme, fekk nittenåringen lov til å ringe heim.

– Eg ringde til mamma. Eg hugsar ikkje heilt kva eg sa, men eg fekk i alle fall fortalt at eg var i live.

Mora hadde høyrt nyheita om at Bourbon Dolphin hadde kantra rundt ein halv time før sonen ringde.

Tre dagar etter forliset fekk dei overlevande fare heim. Då flaug dei over skipet, som seinare same dag sokk.

Matros innsåg alvoret

Egil Hafsås jobbar i dag som DVO-arbeidar, eller dekksarbeidar, på ein oljerigg i Norskehavet. Han seier til Vikebladet/Vestposten at han ofte tenkjer på kor heldig han var som kom frå hendinga i live. For han var det naturleg å leite fram redningsvestar og sørge for at ikkje berre han sjølv men også dei to lærlingane fekk dei på seg.

-Eg forstod med ein gong at dette var alvorleg, seier 46-åringen.

Kim Henrik Moldskred Brandal fortel at han sjølv ikkje hadde tenkt å ta på seg redningsvest, fordi han ikkje trudde at det kunne skje ei slik ulukke.

– Eg ofra ikkje redningsvesten ein tanke før Egil gav den til meg.

Dåverande sjef i reiarlaget, Trond Myklebust, rosa Egil Hafsås etter havariet.

– Hafsås er ein svært, svært dyktig sjømann, sa han til VG.

Sju menneske kom heim i live. Dei åtte andre om omkom. Fem vart aldri funne.

Gransking og bøtelegging

I rapporten frå granskingskommisjonen vart ingen enkeltpersonar klandra for havariet. Reiarlaget godtok seinare ei bot på fem millionar kroner. Påtalemakta meinte reiarlaget ikkje gav kapteinen god nok tid til å verte kjend med skipet, mannskapet og oppdraget. Reiarlaget hadde heller ikkje gode nok tryggingsrutinar.

Les heile rapporten her.

Minnemarkering i Herøy kyrkje

Onsdag denne veka er det minnemarkering i Herøy kyrkje.

-Eg håper det vert ei verdig markering, sjølv om det sikkert vert tungt og vanskeleg for mange, seier Bjørn Remøy, administrerande direktør i Bourbon Offshore Norway.

Mellom dei inviterte er dei som overlevde og dei pårørande som mista sine. Også dåverande sjef i reiarlaget, Trond Myklebust, skal vere med. – Eg trur det vert både godt og litt vanskeleg å møte igjen dei pårørande og dei som overlevde, seier Myklebust.

Han er i dag direktør i Viking Supply Ships.

Raskt på sjøen igjen

Eit par månader etter at han vart berga iskald opp av sjøen, var Kim Henrik Moldskred Brandal klar for ein ny tur med ein Bourbon-båt.

-Eg følte det var viktig å kome meg raskt ut på sjøen igjen.

Han fullførte læretida og tok fagbrev som motormann. Så fekk han jobb som reisemontør på Odim, før han i fjor haust fekk jobb som motormann på Kleven.

Hugsar alle detaljar

Brandal ser fram til minnemarkeringa i Fosnavåg. Han seier han har det veldig bra no, men at det som skjedde denne aprildagen for ti år sidan alltid vil vere med han.

– Eg hugsar alt: kva som vart sagt før vi gjekk om bord og medan vi var om bord på Dolphin. Men spør du meg kva eg gjorde i går eller i forgårs, har eg ikkje peiling.

alt skjedde fort: Det gjekk mindre enn fem minutt frå Kim Henrik Moldskred Brandal høyrde eit kraftig smell då han sat i messa på dekk til han låg i det tre grader kalde vatnet. Bourbon Dolphin hadde kantra. - Eg trudde ikkje ei slik ulukke kunne skje, seier Brandal. Foto: Linda Eikrem
Har det bra: -Livet er godt, eg har det bra, seier Kim Henrik Moldskred Brandal. Han jobbar i dag som motormann på Kleven Verft. Her saman med sambuar Ida Cathrin Moltumyr. Foto: Linda Eikrem
Bourbon Dolphin: Ankerhandteringsfartøyet vart bygd ved Ulstein Verft i 2006. No ligg skipet på 1100 meter djupn nordvest for Shetland.