– Det har gått heilt fint, dette, og vi har hatt godt med båtar innom i vinter, seier fabrikksjef Rune Hoddevik til Vikebladet Vestposten.

Samlebanda og maskinene ved Pelagia Liavåg har gått for fullt i vinter, og nærare 1.000 tonn sild har kome inn frå båtar som har fiska så langt sør som på Haltenbanken.

– Det er dei som fiskar lengre sør også, men den silda er av dårlegare kvalitet, og av denne er det mest rogna som blir nytta. Neste store fiske no blir sildefisket i sommar. Båtane i ringnotflåten går ut i månadsskiftet mai/juni, og fisket varer til rundt jonsok. Kort og intenst fiske, men det kan bli ein del ut av det, seier Hoddevik.

Også makrell går det mykje av gjennom anlegget, og denne fisken blir eksportert til Asia.

Merkar oppgang

Pelagia har som sagt byrja med filetering igjen, og det blir også montert rognanlegg.

– Difor køyrer vi på med nordsjøsild i august. Anlegget er no så bra at vi kan køyre på både vinter, sommar og haust.

Stor auke i eksportinntekta

Verdien på norsk sjømat held fram med å vekse. Noreg eksporterte sjømat for 24,1 milliardar kroner i første kvartal i år, 13 prosent eller 2,7 milliardar kroner meir enn i same kvartal året før. Det viser tal frå Noregs sjømatråd.

Det tala samstundes viser, er at volumet på eksporten gjekk ned med 7 prosent i same perioden. Årsaka til auken i inntekta frå eksporten har meir med prisen på fisken å gjere.

Fabrikksjef: Rune Hoddevik fortel at dei første månadane har vore gode for Pelagia Liavåg. Lagera har vore fulle heile vegen, og utviding av produksjonen ber frukter. Foto: Arkiv. Foto: Anne Gry Eilertsen