Mange vart nok overraska då dei vakna i dag tidleg til snø utfor glaset. No skin sola, og snøen smeltar fort, men vil der kome nye snøfall?

Tja, ingen ting er sikkert. Yr.no melder sol og opplett i morgon. Men sjølv om det er greie temperaturar på dagtid, kryp gradestokken ned til null gradar på natta. Storm melder litt kaldare, ned i minus ein grad på Hareid. Korkje Yr eller Storm trur det blir nedbør, så om det stemmer blir det ikkje snø.

Tysdag blir det overskya. Og frå onsdag og heilt til over helga vil det regne. Og med regnet kjem varmegradane, opp mot ni gradar.

Neste helg blir det kaldare på natta igjen. Då er det større sjanse for nedbør, så då kan det bli kvitt igjen.