Torsdag føremiddag startar landsmøtet til Det Norske Arbeidarpartiet. Då er Aurora Dimmen Bratli frå Ulstein i salen, spenna klar. Dette blir hennar første landsmøte i Arbeidarpartiet. Ho er fylkesleiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti og van med å delta på politiske møte.

- Gler du deg?

- Ja, eg gler meg veldig mykje. Det er veldig stort å få vere med på landsmøtet, som er det høgste organet i partiet, svarer Bratli som ser fram til å vere med på å forme ut den framtidige politikken til partiet, som dei igjen skal bruke i valkampen til hausten.

Moderne utstyr til lærlingar

Ho har fått tildelt taletid på landsmøtet, og den unge politikarspiren har temaet klart. Ho skal snakke om kor viktig det er at dei på yrkesfag har moderne og nytt utstyr til læring.

- Eg går sjølv yrkesfag. Det er viktig at me har oppdatert utstyr så me kan handtere ustyret når me kjem ut i yrkeslivet, seier ho.

Andre tema ho brenn for er at 16-åringane får røysterett ved kommune- og fylestingsval, matkastelov og lærarnorm i grunnskulen. Ho er veldig nøgd med at Arbeidarpartiet ønskjer ein nasjonal bemanningsnorm for skulehelsetenesta. Det betyr at det vil vere ei helsesøster til staden på alle skular kvar einaste dag. Det meiner Bratli er veldig viktig for elevane.

To frå Ulstein

Bratli fortel at ho kjenner AUF-arar frå heile landet som skal på landsmøtet. Dessutan skal Hanne Notøy også på landsmøte, så dei er to frå Ulstein som reiser i lag med 12 andre som skal representere Møre og Romsdal Arbeidarparti på landsmøtet. I tillegg gler Bratli sei til å bli kjend med nye folk.

Landsmøtet skal vere på Folkets Hus i Oslo. Det varer til og med sundag.

Bratli håpar at Arbeidarpartiet vinn valet til hausten og at me får ei ny regjering. Ho meiner at Høgre og Framstegspartiet tar landet i feil retning medan dei sit i regjering.

- Forskjellane aukar, arbeidsløysa er rekordhøg og klimaendringane blir ikkje tatt på alvor. Landet vårt fortener betre. Difor gler eg meg til å drive valkamp dei neste månadene for at ei ny Arbeidarparti-leia regjering som er opptatt av at alle skal med, avsluttar Bratli.