Torsdag 20. april til sundag 23. april er det tid for X2 Festivalen i Ørsta og Volda. Det var studentar ved Høgskulen i Volda som starta denne festivalen for 11 år sidan. Sidan har festivalen vakse. No er festivalen Noregs største vinterekstremsportfestival.

Det er mykje som skjer under festivalen, mellom anna er det ein surfekonkurranse: XWave.

Denne delen av festivalen er lagt til Ytre Flø.

Arrangørane lovar at dei kan by på både høgre- og venstrebølgjer, beachbreaks, pointbreaks, og ei tilbakelent stemning. Dei ser litt an vêret. Det er tenkt at denne konkurransen skal vere torsdag føremiddag, men både fredag og laurdag er sett av i reserve. Det kan også vere at konkurransen blir flytta til Ervik. Dei vil gjere sitt for at deltakarane får surfa på dei beste bølgjene.

✕Wave er open for alle surfarar. Dei har to klassar; herre shortboard (18+) og kvinne shortboard (18+). Junior klasse blir etablert dersom fleire enn tre juniorar melder seg på.