–He he, ja, det var nok på grunn av talentet dei ringde meg, seier han.

Lillestøl er ingen profesjonell skodespelar, men har 25 år fartstid som bonden Gunlaug i Herøyspelet. Han har allereie vore i Oslo og spelt rolla som kassamann i ein daglegvarebutikk.

–Eg får vel ikkje lov til å røpe så mykje, men eg spelte i alle fall mot Ane Dahl Torp, fortel Lillestøl.

Sjå heile rollelista nedst i artikkelen!

Starta på Flø

Dahl Torp har hovudrolla i serien. For korleis går det når Noreg får sin første kvinnelege fotballtrenar for herrar på elitenivå?

Det fiktive fotballaget Varg og Høddvoll er utgangspunktet for tv-serien «Hjemmebane».Handlinga foregår i Ulsteinvik og Ane Dahl Torp har rolla som trenar Helena.

Den første innspelingsdagen, onsdag, vart brukt på Flø, der ein av karakterane i serien bur. Adrian (Axel Bøyum) er eit stort fotballtalent som har gått på ein smell etter å ha prøvd lukka i utlandet. Staben har fått låne huset til Jostein Flø til innspelinga.

- Det er så fantastisk flott der ute!, seier produsent Vilje Kathrine Hagen.

I fjor haust vart det arrangert audtion og casting til serien.

Nissefar og nissemor i Putti Plutti Pott

På rollelista står også to kjende namn i Ålesund: Per Jan Vinje og Karoline Isaksen.

Vinje presenterer seg sjølv som kulturarbeidar, visesongar og amatørskodespelar.

–Det blir ei stor oppleving å få kome inn i ein profesjonell tv-produksjon, seier han. 65-åringen har fått rolla som Eddie, som er både banemeister, oppmann og materialforvaltar i Varg.

Per Jan Vinje har spelt sjølvaste julenissen i Putti Plutti Pott i Ålesund meir enn hundre gongar. Rolla som nissemor har Karoline Isaksen hatt. I «Hjemmebane» skal ho vere Fia, som sit i styret for fotballklubben.

Låner hus både her og her

Serien er eit samarbeid mellom NRK og produksjonsselskapet Motlys. Rundt seksti personar er med på produksjonen, og er avhengig av «goodwill» i lokalmiljøet.

Ekteparet Michael (John Carew) og Marianne (Julia Bache-Wiig) Ellingsen skal bu i eit av funkishusa i sentrum, medan trenar Helena skal halde hus ved Kleven Verft på Dimna.

Mykje av filminga skal naturleg nok skje på Høddvoll.

–Høddvoll må vere landets vakraste fotballanlegg. Berre sjå på utsikta, seier Hagen. Ho rosar Hødd for å ha teke imot produksjonen med opne armar.

Kleven + Ulstein =Tangsrud Verft

Det skal også filmast på dei to verfta Kleven og Ulstein. I serien er verfta slått saman til eitt og eigd av Bjørn Ove Tangsrud, spelt av Bjarte Hjelmeland.

Staben skal vere i Ulsteinvik i fire veker i vår, før dei kjem tilbake ein periode til hausten.

Facebookside for statistar

Sjølv om dei største rollene er klare, vil det framleis vere behov for folk til mindre rollar.

- Eg kjem til å opprette ei gruppe på Facebook, «Statister i Ulsteinvik», fortel statistansvarleg Martin Sepp Fredriksen. Han oppmodar dei som kan tenkje seg å vere med i serien om å melde seg inn i gruppa.

Spår stor interesse for Ulsteinvik

– Det er fantastisk vakkert her, så vi kjem til å bruke naturen for alt den er verd, seier Vilje Kathrine Hagen.

Ho fortel at namnet Ulsteinvik kjem til å verte eksponert ein god del og at bygda truleg må bu seg på stor interesse frå heile landet.

Det er nærliggande å dra parallellar til serien "Himmelblå", som gjekk på NRK for nokre år sidan.

Budsjettet er på 70 millionar kroner, og serien skal ha sendestart på søndagskveldane på NRK1 i mars neste år. Det skal lagast ti episodar, kvar på 45 minutt.

Her er heile rollelista:

Ane Dahl Torp: fotballtrenar Helena Mikkelsen

Emma Bones: Camilla Mikkelsen, dottera til Helena

Svein Roger Karlsen: Patrik, gamletrenaren til Varg

Bjarte Hjelmeland: verftseigar Bjørn Ove Tangsrud

John Carew: fotballspelar Michael Ellingsen

Julia Bache-Wiig: Marianne Ellingsen, kona til Michael

Chelsea Victoria Sand: Ine Ellingsen, dottera til Michael og Marianne

Axel Bøyum: Adrian, heimvend fotballproff

Rolf Kristian Larsen: Eivind Brattskjær, fotballspelar på Varg

Kathrine Thorborg Johansen: Hedda Brattskjær, kjærasten til Eivind

Nader Khademi, Morten Svartveit, Andre Sørum og Kristian Dolmen: Varg-spelarane Mons, Espen, Otto og Almerud

Per Jan Vinje: Eddie, materialforvaltar, oppmann og banemeister i Varg

Karoline Isaksen: Fia, sit i styret til fotballklubben Varg

Magnar Lillestøl: kassamann

Even Vesterhus: Steffen

Endre Synnes Hagerup: Nils

Marina Popovic: Siri

Fakta om ""Hjemmebane":

Serieskapar og hovudforfattar: Johan Fasting

Produsent: Vilje Kathrine Hagen v/Motlys

Episodeforfattarar: Christian Owe, Erlend Loe, Linn-Jeanethe Kyed

Executive produsentar: Vegard Stenberg Eriksen (NRk) og Yngve Sæther (Motlys)

Vilje Kathrine Hagen er produsent for "Hjemmebane". Foto: Linda Eikrem
Per Jan Vinje skal spele Eddie i "Hjemmebane" Foto: Lisa Rørstad
Foto: Foto: Linda Eikrem
I "Hjemmebane" skal det vere eitt verft i Ulsteinvik. Filminga skal skje både hos Kleven Verft (bildet) og UIstein Verft. Foto: Linda Eikrem