Natt til laurdag 22. april og natt til laurdag 6. mai er det vårteljing av hjort. Søre Sunnmøre Landbrukskontor varslar at teljingane går føre seg frå rundt midnatt til klokka seks på morgonen. Det er kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda som er med. Teljingane blir organisert lokalt i kvar kommune.

Teljingane blir utført med systematiske søk over all innmark. Under teljinga brukar ein kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Søre Sunnmøre.