Roar Eiken har bygd hytte ved Snipsøyrvatnet i Hareid kommune, og kommunen ville ikkje gje Eiken dispensasjon for etablering av tilkomstveg til hytta. Eiken har klaga på vedtaket, og i februar i år oppheva fylkesmannen Hareid kommune sitt vedtak. Eiken fekk dermed dispensasjon.

Advokat Bjørn Kristian Hove har på vegne av Roar Eiken framsett eit krav på  vel 18.000 kroner, inkludert meirverdiavgift, til dekning av sakskostnader.

Vil ha Hareid kommune si meining

No har fylkesmannen sendt brev til Hareid kommune om at dei innan 1. mai i år vil ha Hareid kommune sitt syn på sakskostnadskravet.