Fem mista lappen

Torsdagskvelden gjennomførte UP trafikkontroll på Garnes og Tjørvåg.

Seint på torsdagskvelden gjennomførte UP fartskontroll på Garnes. Det var fem som vart bøtelagte i 60-sona, og tre vart anmeldt og mista førarkortet. Høgste farta var 95 km/t.

Same ettermiddag hadde politiet gjennomført fartskontroll i Tjørvåg. Dette var i ei 50-sone. Her vart 12 bøtelagte og to vart anmeldt og mista førarkortet. Høgsta farta her var 97 km/.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten: