Ein mann frå Ytre Søre Sunnmøre vart pågripen av politiet 21. mars i år og sett i varetektsfengsel. To dagar seinare vart han sikta for å ha mishandla den tidlegare sambuaren sin fleire gonger i ein periode på 13 månader. Han vart då fengsla i fire veker, fram til 20. mars.

Politiet har bede om varetektsfengsling i ytterlegare fire veker, og den sikta mannen har samtykka til fengsel i denne perioden.

Retten meiner det er grunn til å tru at mannen har utført handlingane han er sikta for. Det blir vist til forklaringa og foto av den fornærma kvinna, der merka på kroppen indikerer mishandling.

Alvorleg mishandling

Retten meiner også at fengsling i ytterlegare fire veker er påkrevd for å hindre at han begår nye straffabre handlingar som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader. Konkret har retten lagt vekt på alvorleg i mishandlinga, at sikta opptrer irrasjonelt og valdeleg i rusa tilstand, og at den nye mishandlinga er begått i prøv etida for ein tidlegare dom for mishandling.

- I likheit med kva retten kom fram til i førre fengslingskjennsele viser dette, med sterk grad av sannsynlegheitsovervekt, at sikta vil begå ny mishandling viss han blir lauslaten no, heiter det i domspapira frå Sunnmøre tingrett.

Alternative fengslingsløysingar har blitt vurdert, men er ikkje funne tenlege.