Vikebladet Vestposten har mange gonger fått tips om boss som flyt i området rundt Holesanden, og det er slett ikkje berre søndagsgjester på Holesanden som gjer at bossdunkane fløymer over. Særleg sommarstida er det mange som brukar Snipsøyrvatnet som utferdsstad til bading og grilling, og slikt fører ofte til boss. I tillegg er det mange hytteeigarar rundt Snipsøyrvatnet, og det har nok hendt at nokre av dei også prøver å kvitte seg med avfall i dunken som står plassert på parkeringsplassen til Holesandhytta.

Men no blir det vonleg snart betre tider.

– Vi sluttfører no eit prosjekt i Herøy, og deretter er vi klar for å starte eit prosjekt på Holesanden, fortel driftssjef Rune Tarberg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

I løpet av eit par veker skal SSR lage ei nedgraven løysing for bosset.

Tre nedgravne tankar

– Der vil bli tre tankar. To som er tenkt til fritidseigedomar langs Snipsøyrvatnet, og ein som er tenkt til Hareid kommune. Sistnemnde er spesielt mynta på badegjester og andre som brukar området til utflukter, forklarer Tarberg.

Han legg til at SSR erkjenner at det har vore mykje boss på avvegar i dette området, og at dei håper den nye løysinga vil få bukt med problemet.

Grunnforhandlingar på Bigsetsida

Tarberg fortel også at SSR no jobbar med å skaffe seg grunn til å kunne setje opp ein av avfallsdunk på Bigsetsida av Snipsøyrvatnet. Tanken er at der også skal plasserast ein glasiglo.

– Hytteeigarane har etterspurt glasiglo lenge, og vi håper å ha ein avtale med grunneigar-ar klar i løpet av våren, fortel Tarberg.

Betre: Driftssjef Rune Tarberg har tru på at tilstanden blir betre rundt Sn ipsøyrvatnet. Foto: Andreas Bjerknes