Noko som gjer Alma lysten på å stå opp, er fotballkampar på Høddvoll.

Alma har vore Hødd-patriot heile livet, men vedgår at det var ein periode for nokre år sidan ho ikkje møtte opp på heimekampane.

– Eg orka ikkje å sjå kor dårlege dei var, forklarer ho.

For nokre år sidan var ho ute i seinaste laget til ein av kampane, og var litt uvøren då ho skulle finne tribuneplassen sin.

– Eg datt i eit høgt trappetrinn, trakka over og braut ankelen, fortel ho.

Det enda med at Alma måtte hentast i sjukebil.

– Akkurat i den augneblinken eg vart lagt inn i ambulansen klappa publikum kraftig. Eg tenkte i mitt stille sinn at dette var no ikkje mykje å klappe for, men så viste det seg at det var kampstarten dei klappa for, ler ho.

Kirurgen som opererte Alma hadde fått med seg at han hadde fått ein uvanleg patriotisk Hødd-supporter på benken. – Ei stund etter operasjonen stakk han hovudet inn i døra og kunne fortelje meg at Hødd hadde vunne kampen. Dagen etter fekk eg forresten vakre roser frå Hødd.

Alma har altså gått på Hødd-kampar sidan ho var ein liten jentunge, og ho hugsar at det då kosta 25 øre å kome inn på kampen. Men 25 øre var mykje pengar, og Alma tilstår at det hende dei stal seg inn utan å betale.

Når ho står på tribunen og ser på kamp, kan ho bli svært oppglødd.

– Eg blir både sint og kan snakke stygt under kampen. Kanskje eg får ut aggresjon, men det er alltid motstandarane det går ut over, Hødd er ufeilbarlege.

Engasjementet er så stort at den næraste familien ikkje vil stå saman med henne.

– Men venninna mi, ho Kikki, er så snill at ho vil, smiler Alma.

Kikki ber etternamnet Breyholtz og er 89 år gammal, så ho er ikkje akkurat nokon tenåring lenger, ho heller.

Eitt av barneborna hennar, Georg Aursnes, er tidlegare Hødd-spelar, og ho trøystar seg med at han har sagt til bestemora at det er veldig viktig med respons frå publikum. Håpet hennar for Hødd i åra framover er at dei unge lokale spelarane får trene med A-laget og vere med klubben oppover.

Bortsett frå ein tablett om dagen for lågt stoffskifte, kjenner Alma seg frisk.

– Eg prøver å leve sunt, og har valt bort bil. Å ha bil kostar pengar, og pensjonen min er ikkje all verda. Eg vil føle at eg har bra råd, eg vil framleis reise litt. Så når eg skal ned til Vik sentrum, så går eg. Der møter eg folk, og det blir gjerne eit kafébesøk. Viss eg ikkje vil gå heim att, tek eg drosje eller Bakkebyruta.

Tidlegare var Alma glad i å gå i fjellet, men det er no ein saga blott.

– Eg drøymer om ein tur til Lis-jevatnet og Mosvatnet, og borna mine har sagt at dei skal ordne det.

Tidlegare hadde Alma stor reiselyst, og ho har vore i alle dei europeiske landa, pluss Egypt.

– Men no har verda blitt så uroleg. Eg var aldri redd dei gongene eg var i London, men det hadde eg vore i dag, seier ho.

Dei av oss som har levd ei stund minnest truleg Alma frå den tida ho og ektemannen Arnfinn dreiv frisørsalong i Kyrkjegata. Ho overtok frisøryrket etter mor si, Solveig Vik.

Eldste dottera mi, Synnøve, var to år då eg byrja å jobbe. Å vere yrkeskvinne i 1952 var noko heilt anna enn i dag, og det mangla ikkje på kritikk. Men eg visste kva eg ville, og så fekk andre gjere som dei ville, slår fast.

På 12 år fekk ho fire barn, samtidig som ho var frisør.

– Men vi hadde hushjelp, og sidan eg var sjølvstendig næringsdrivande, kunne eg ta meg fri i periodar.

I tillegg til spaserturar er Alma glad i å måle, og ho var i fleire år ein del av «Krukkedamene». Ho er også med litteraturgruppa som Senior-universitetet i Ulsteinvik driv. Gruppa, under leiing av Gunder Runde, møtest to gonger i veka for å diskutere bøkene dei har lese.

Sjølv om Alma no har runda 90 år, meiner ho det er viktig å ha eitt eller anna som gjer at det verdt å stå opp om morgonen.

– Når ingen lenger krev noko av deg, må du krevje sjølv. Vi må fylle liva våre med noko vi likar. Helsa kan vi ikkje gjere så mykje med, anna enn å prøve å halde oss i form. Og eg synest eg er heldig som er omgitt av familie som eg er glad i, og som er glad i meg.

Familie: Familien er viktig for Alma. Her saman med barnebarnet Thea Overvåg Tafjord og katten Pokemon. Foto: Privat