Tidlegare har det vore ein seremoni for heile Møre og Romsdal, og den seremonien har vore i Molde. Me bur i eit langstrekt fylke, og for mange kan det vere langt å reise til Molde for å få med seg dette. Så i år vart det gjennomført ein eigen seremoni for dei nye statsborgarane på Sunnmøre. Og denne seremonien vart lagt til Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Assisterande rådmann Rigmor Brøste forklarer at dei ville ha ein stad som låg midt i nedslagsfeltet og i tillegg hadde eit passande hotell med høveleg lokale til å gjennomføre ein slik høgtidleg seremoni. Ho var storfornøgd over det gode oppmøtet.

Frå mange ulike land

113 av 268 nye statsborgarar på Sunnmøre hadde takka ja til å vere med, noko som utgjer 42 prosent. Dei nye statsborgarane som deltok kom frå 29 land. Det var 75 kvinner og 38 menn.

Dei busett seg i 13 av dei 17 kommunane på Sunnmøre. Dei fleste ordførarane var til stade.

Pliktar og retter

Fylkesmann Lodve Solholm og ulsteinordførar Knut Erik Engh heldt kvar sin tale til forsamlinga. Dei sa at dette var ein stor dag, både for dei nye statsborgarane, men ikkje minst for oss som får ønskje dei velkomen som nye landsmenn.

Med det raude passet følgjer det ein del rettar som nordmann, men også plikter. Me skal saman byggje landet vårt.

Dei sa at som nordmann er det valfritt kva religion, livssyn, seksuell legning og liknande ein har. Men me må alle respektere kvarandre og bidra til fellesskapen.

Søskena Grimstad

Ingfrid Grimstad og Iver Olaf Grimstad stilte med vakker musikk under seremonien. Og siste punkt i programmet, etter alle hadde lese truskapsløftet, var det allsong av "Ja vi elsker".

Etter felles fotografering var det middag inne på resturanten.

Meir om statsborgarseremonien i Vikebladet Vestposten tysdag 25. april.