Gjennom Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet» avslørte NRK tysdag i førre veke at bakmenn i tiggarmiljøet i Bergen får inn millionar av kroner frå prostitusjon, narkotika og organisert vinningskriminalitet i byen.

Avsløringane har ført til ein stor debatt i norsk media og blant folk flest den siste tida.

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) meiner det som har kome fram gjennom dokumentaren er grunn nok til å innføre lokale forbod mot tigging. I dag er det berre Lillesand kommune som har innført eit slikt forbod.

– Det beste hadde vore eit nasjonalt forbod, sa Amundsen i eit intervju med NRK nokre dagar etter dokumentaren gjekk på TV.

I same intervju fortalde justisministeren at eit slikt forbod ikkje ville fått fleirtal, hadde det kome ei forslag om det på Stortinget. Fram til i 2005 var det forbode å tigge i Norge.

– Alvorleg

Både i Ulstein og i Hareid ser ein tigging, oftast på faste stader.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) seier han støttar eit nasjonalt tiggeforbod, men fortel samstundes at ein lokalt ikkje har vurdert eit forbod. Indikasjonane frå politiet og tilbakemeldingane frå publikum så langt har ikkje vore så alvorlege at ein har tatt opp temaet politisk.

– Eg tenkjer at dokumentaren til Brennpunkt viser ei side av dette som er ganske alvorleg. Ei side vi ikkje kan vere blinde for. Dette er noko Framstegspartiet har hevda i fleire år, at det er ein samanheng mellom tigging og organisert kriminalitet. Det har også politiet hevda heile vegen. Difor har eg eit ønskje om eit nasjonalt tiggeforbod, seier Engh og legg til:

– Eg er interessert i å vite om det er grunn til å innføre eit slikt tiggeforbod i Ulstein, men det må vere med bakgrunn i innspel frå politiet og andre som veit noko om miljøet. Det vil ikkje bli innført noko forbod om ikkje det ligg føre klare indikasjonar på at ein kan knytte tigginga som skjer her til kriminelle aktivitetar.

Også usikker på lokalt forbod

Ferjekaia på Hareid er eitt døme på ein stad der tigging går føre seg. Frå kontorvindauget kan Hareid-ordførar Anders Riise (H), som til liks med Ulstein-ordføraren støttar eit nasjonalt tiggeforbod, sjå det som skjer kvar dag på biloppstillingsplassen.

– Eg har sett tillaup til at det kan stå fram som delvis organisert, då dei som tiggar gjerne kjem i same bil og blir utplassert på ulike stader i sentrum. Men ut ifrå det eg ser og andre har gitt innspel på skjer det ikkje tigging på kommunal grunn. Det har vore mest på ferjekaia og ved butikkane, og der er det høvesvis fylkeskommunen og grunneigarane/næringsdrivande som har råderett, seier Anders Riise.

Han fortel at kommunen ikkje har fått tilbakemeldingar som tyder på at tigging er eit stort problem i Hareid.

– Eg er usikker på om vi har eit så omfattande problem knytt tll dette. Ja, det kan for somme opplevast som ubehageleg i enkelte samanhengar, men eg er usikker på om det er behov for eit lokalt tiggeforbod av den grunn. Eg tenkjer at kriminalitet knytt til tigging, og eg seier ikkje at det er slik i verken Hareid eller Ulstein, må bekjempast uavhengig av om det er tiggeforbod eller ikkje. Eg set min lit til at ordensmakta har kontroll på dette. Det er dessutan ei privatsak om ein vel å gje pengar til tiggarar eller ikkje, seier Riise.

Hareid-ordførar Anders Riise (H) støttar også forslaget om nasjonalt tiggeforbod. Situasjonen i Hareid meiner han per no ikkje er slik at ein må innføre lokalt forbod. Foto: Arkiv.