Svaret kom etter at Truls Håbakk (Frp) hadde etterlyst status for det komande helsehuset i Hareid.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge la til at dei no veit meir om rombehovet til legane i Hareid, Nav og folketannrøkta.

– Så slik sett er vi komne eit steg vidare. Rådmannen la til at det som framleis er uvisst er eventuelle omsorgsbustader og om Ressurssenteret skal inn i helsehuset.

Kommunestyret har tidlegare vedteke at det skal hyrast inn ein prosjektleiar til bygget, og ordføraren opplyste at kommunen skal bruke ein konsulent frå eit firma i Ålesund til å rekruttere byggeleiar.

– Det er eit stort press frå innbyggjarane i Hareid om at framdrifta på helsehuset må vere god. Vedtaket vart gjort i februar. No er det berre to formannskapsmøte igjen før vi har august-møtet, og det begynner verkeleg å haste, varsla Håbakk.

Ordføraren repliserte at det nok blir behov for ekstramøte i sommar.