Ved påsketider fekk Ulstein sokn kyrkjebyggjar nummer 100. Dette blei markert i Ulstein kyrkje tysdag, med marsipankake og salmesong.

- Dette er heilt fantastisk bra, og vitnar om at det er stor vilje i Ulstein-samfunnet for å få på plass ei ny kyrkje. Dette gir oss inspirasjon til å halde fram arbeidet, sa kyrkjeverje Christfried Kaul frå talarstolen i kyrkja.

Forutan Kaul var også soknerådet, sokneprest Margit Lovise Holte, prosjektleiar Magne Grimstad jr. og media til stades under feiringa.

Treng fleire

Ulstein sokn ønskjer som kjent å byggje ei ny arbeidskyrkje på eit tomt like ved den eksisterande kyrkja. For å kunne finansiere det, utan at kommunen skal belastast dei første 8-10 åra, har soknet oppretta ei gjevarordning.

Men det er framleis eit godt stykke fram til målet soknet har sett seg for talet på faste gjevarar. Det målet ligg på 250.

- Vi jobbar målretta for å få med endå fleire på dette, og vi har god tru på at vi skal klare målet vårt, seier Kaul til Vikebladet Vestposten.

Du kan lese meir om denne saka i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.