Ifølgje eit vitne som bur i same området, Varleite, var det snakk om to politibilar som stoppa ved adressa. Vitnet fortel Vikebladet Vestposten at politifolka som sat i bilane gjekk ut, og såg ut til å stå der og diskutere. Politifolka, minst fem i talet, hadde ifølgje vitnet pistolar i beltet og vestar på seg.

Politiet forlét adressa etter ei stund, men reiste utan å ha med seg nokon.

Operasjonsleiar Borge Amdam seier følgjande om hendinga til Vikebladet Vestposten:

- Politiet fekk i kveld ei oppringing på naudnummeret frå ein person i Ulsteinvik som hevda han var i naud eller at han blei truga av ein annan person. Politiet væpna seg og rykka ut til Varleite.

Politiet prøvde å finne vedkomande som hadde ringt inn og har snakka med fleire personar. Konklusjonen er at naudmeldinga ikkje var reell, at innringaren ikkje har vore i fare. Politiet avsluttar aksjonen.

Vikebladet Vestposten ønskjer å presisere at adressa som politibilane står ved på biletet ikkje har noko med saka å gjere, då vedkomande som hadde ringt inn naudanropet viste seg å opphalde seg på ei anna adresse.