Nordvestklinikk er ein privatklinikk som tilbyr mellom anna legeattestar for folk som har sjøen som arbeidsplass, helsekontrollar for bedrifter, vaksinar og i tillegg andre legetenester.

Nordvestklinikken er etablert gjennom eit samarbeid mellom dei to legane Håvard Ramsli og Torstein Bjørndal og Nordvest Naprapatklinikk AS.

– Samarbeidet med naprapatane vil styrkje det nye selskapet ved at ein skal tilby tenester innan ergonomi og førebyggjande behandling. Dermed kan me gje eit meir komplett tilbod til kundane våre, seier Mimmi Ulstein, som blir dagleg leiar på den nye helseklinikken.

Klinikken til Nordvest Naprapatklinikk i Ulsteinvik blir no å finne i lokala til Nordvestklinikk.

Ole Theodor Hovden, dagleg leiar i Nordvest Naprapatklinikk,  ser fram til å samarbeide med to legar.